Gå til forsiden

Femte Mosebok

5

Dei ti boda

1 Moses kalla saman heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei forskriftene og lovene som eg kunngjer dykk i dag. Lær dei, og legg vinn på å leva etter dei!

2  Herren vår Gud gjorde ei pakt med oss ved Horeb. 3 Det var ikkje med fedrane våre Herren gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag. 4 Andlet til andlet tala Herren med dykk på fjellet, ut frå elden. 5 Eg stod mellom Herren og dykk den gongen og kunngjorde Herrens ord for dykk. For de var redde elden og gjekk ikkje opp på fjellet. Han sa:

6 Eg er Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

7 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

8 Du skal ikkje laga deg gudebilete av nokon skapnad oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 9 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg freista til å dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 10 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.

11 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.

12 Du skal akta på sabbatsdagen og halda han heilag, slik Herren din Gud har bode deg! 13 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 14 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren som bur i byane dine, slik at slaven og slavekvinna skal få kvila, dei som du. 15 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og utstrekt arm. Difor har Herren din Gud pålagt deg å halda sabbatsdagen.

16 Du skal heidra far din og mor di, slik Herren din Gud har bode deg. Då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.

17 Du skal ikkje slå i hel.

18 Du skal ikkje bryta ekteskapet.

19 Du skal ikkje stela.

20 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.

21 Du skal ikkje trå etter kona til nesten din. Du skal ikkje ha lyst på huset eller jorda til nesten din, slaven eller slavekvinna, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

22 Desse orda tala Herren med høg røyst til heile dykkar forsamling på fjellet, ut frå elden, skya og skodda. Han la ikkje til noko. Han skreiv orda på to steintavler og gav dei til meg.

Moses som mellommann

23 Då de høyrde røysta ut frå mørkret medan fjellet stod i lys loge, kom de til meg, alle stammehovdingane og dei eldste iblant dykk, 24 og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut frå elden. I dag har vi sett at menneske kan høyra Gud tala og endå få leva. 25 Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å gjera ende på oss. Høyrer vi endå lenger på røysta til Herren vår Gud, så døyr vi. 26 For finst det nokon skapning som har høyrt den levande Gud tala ut frå elden, slik som vi, og endå fått leva? 27 Gå du bort dit og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du fortelja oss alt det som Herren vår Gud seier til deg, og vi skal høyra det og leva etter det.»

28  Herren høyrde kva de sa til meg, sa han: «Eg har høyrt kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier. 29 Måtte dei berre ha eit slikt hjarte at dei fryktar meg og held alle boda mine så lenge dei lever! Då skal det alltid gå dei og borna deira vel. 30 Gå og sei til dei: Dra tilbake til telta dykkar! 31 Men du skal stå att her hos meg. Eg vil leggja fram for deg alle boda, forskriftene og reglane som du skal læra dei, for at dei skal leva etter dei i det landet eg gjev dei til eige.»

32 Så følg då trufast det som Herren dykkar Gud har pålagt dykk. Vik ikkje av til høgre eller venstre! 33 Følg alltid den vegen som Herren dykkar Gud har pålagt dykk å gå! Då skal de få leva. Det skal gå dykk vel, og de skal få bu lenge i det landet de tek til eige.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.