Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Femte Mosebok

9

Herren gjev siger

1 Høyr, Israel! Du skal i dag gå over Jordan og dra inn for å driva bort folkeslag som er større og sterkare enn du, for å ta store byar med himmelhøge festningsmurar. 2 Eit stort og høgvakse folk er anakittane, som du veit. Du har høyrt at det blir sagt: «Kven kan stå seg mot anakittane?» 3 Men i dag skal du vita at Herren din Gud sjølv går føre deg som ein øydande eld. Han vil utrydda dei og kua dei så du raskt kan driva dei bort og gjera ende på dei, slik som Herren har sagt deg.

4 Når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje seia i hjartet ditt: «Det er fordi eg er rettferdig at Herren har late meg koma inn i dette landet og leggja det under meg.» Nei, det er fordi dei har gjort urett at Herren tek landet frå desse folkeslaga. 5 Det er ikkje fordi du er rettferdig og rettvis at du får gå inn og leggja landet deira under deg. Nei, fordi dei har gjort urett, tek Herren din Gud landet frå desse folkeslaga, og fordi Herren vil halda den lovnaden han med eid gav fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob. 6 Så skal du då vita at det ikkje er på grunn av di rettferd Herren din Gud lèt deg få ta dette gode landet, for du er eit stivnakka folk.

Israel gjorde Herren harm

7 Hugs det, og gløym aldri korleis du vekte Herren din Guds harme i ørkenen. Heilt frå den dagen du gjekk ut frå Egypt og til de kom til denne staden, har de stadig gjort opprør mot Herren. 8 Ved Horeb vekte de Herrens harme. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk. 9 Då eg gjekk opp på fjellet for å ta imot steintavlene, tavlene med pakta som Herren hadde gjort med dykk, vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter utan å eta brød og utan å drikka vatn. 10  Herren gav meg dei to steintavlene, skrivne med Guds finger. På dei stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut frå elden på fjellet den dagen de var samla der.

11 Då dei førti dagane og nettene var over, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene. 12 Og Herren sa til meg: «Stå opp og skund deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut frå Egypt, har gjort noko forferdeleg. Dei har vore snare til å ta av frå den vegen eg sa dei skulle gå. Dei har støypt seg eit gudebilete.» 13 Og Herren sa til meg: «Eg har sett dette folket. Sjå for eit stivnakka folk det er! 14 Gå frå meg, så eg kan utrydda dei og utsletta namnet deira under himmelen. Deg vil eg gjera til eit folk som er sterkare og større enn dette.»

15 Så snudde eg meg og gjekk ned frå det brennande fjellet. I begge hender hadde eg dei to pakttavlene. 16 Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren dykkar Gud og laga dykk ein støypt kalv. De hadde vore snare til å ta av frå den vegen Herren hadde sagt de skulle gå. 17 Med begge hendene greip eg dei to tavlene og kasta dei frå meg så dei vart knuste framfor auga dykkar.

18 Så fall eg ned framfor Herrens andlet slik eg før hadde gjort. I førti dagar og førti netter åt eg ikkje brød og drakk eg ikkje vatn, for de hadde synda, gjort det som vondt er i Herrens auge og gjort han rasande. 19 For eg var redd at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville utrydda dykk. Men Herren høyrde bøna mi denne gongen òg. 20 Sjølv mot Aron var han så harm at han ville utsletta han. Difor bad eg òg for Aron den gongen. 21 Og synda de hadde gjort, kalven, tok eg og brende. Eg knuste han og mol han til fint støv. Så kasta eg støvet i bekken som renn ned frå fjellet.

22 I Tabera, Massa og Kibrot-Hattaava vekte de òg Herrens harme. 23 Og då Herren sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle dra opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, sette de dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på røysta hans. 24 Så lenge eg har kjent dykk, har de gjort opprør mot Herren.

Moses bed for folket

25 Så fall eg ned for Herrens andlet og låg der i førti dagar og førti netter fordi Herren hadde sagt at han ville utrydda dykk. 26 Og eg bad til Herren og sa: «Herre, min Gud, øydelegg ikkje ditt eige folk som du fria ut i ditt velde og førte ut frå Egypt med sterk hand. 27 Hugs tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor hardt, lovlaust og syndig dette folket er! 28 Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut frå: Herren makta ikkje å føra dei til det landet han hadde lova dei. Han hata dei, og difor førte han dei ut i ørkenen for å døy. 29 Dei er då ditt folk og din eigedom, som du har ført ut med di store kraft og din utstrekte arm.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.