Gå til forsiden

Ester

4

Mordekai sin redningsplan

1 Mordekai fekk vita alt det som hadde hendt, og han reiv sund kleda sine og kledde seg i sekk og oske. Så gjekk han ut i byen og ropa og klaga høgt og bittert. 2 Han kom så langt som til slottsporten. Men ingen kunne gå gjennom slottsporten kledd i sekkestrie. 3 Og i kvar provins der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane, med faste, gråt og klage, og mange la seg i sekk og oske.

4 Tenestejentene til Ester og evnukkane kom og fortalde henne dette. Då tok dronninga til å skjelva. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for sekkestrien, men han tok ikkje imot. 5 Så kalla Ester inn Hatak, ein evnukk som kongen hadde sett til å tena henne. Ho sende han til Mordekai for å få vita kva som hadde hendt, og kvifor. 6 Hatak gjekk ut til Mordekai på bytorget framfor slottsporten. 7 Mordekai fortalde då alt som hadde hendt han, og heile historia om sølvet som Haman hadde sagt han skulle vega opp til kongens skattkammer om han fekk gjera ende på jødane. 8 Til Hatak gav han òg ei avskrift av brevet med lova som var gjeven i Susa om at dei skulle utryddast. Han bad han visa det til Ester og fortelja henne alt. Så skulle han påleggja henne å gå til kongen for å trygla og be kongen sjølv om nåde for folket hennar.

9 Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt. 10 Då påla Ester Hatak å seia dette til Mordekai: 11 «Alle kongens tenarar og folket i kongens provinsar veit at om nokon, mann eller kvinne, går inn til kongen i den indre slottsgarden utan å vera innkalla, så er det berre éi lov som gjeld: døden. Berre den som kongen retter gullsepteret sitt mot, får leva. Sjølv har eg ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.»

12 Dei fortalde Mordekai kva Ester hadde sagt. 13 Mordekai bad dei seia til Ester: «Tru berre ikkje at du som den einaste av jødane skal berga livet fordi du er i kongens slott. 14 For om du teier i denne tida, vil hjelp og redning koma til jødane frå ein annan stad, medan du og ditt farshus vil gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er for ei tid som denne at du har fått dronningrang?»

15 Då bad Ester dei seia til Mordekai: 16 «Gå og kall saman alle jødar som finst i Susa, og hald faste for mi skuld. De skal ikkje eta eller drikka på tre døgn, korkje om natta eller om dagen. Eg og tenestejentene mine vil òg fasta på same vis. Så skal eg gå inn til kongen, sjølv om det ikkje er etter lova. Skal eg gå til grunne, så går eg til grunne.» 17 Mordekai gjekk av stad og gjorde alt som Ester hadde pålagt han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.