Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

12

Herren skipar til påskehøgtida

1  Herren sa til Moses og Aron i Egypt: 2 Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året. 3 Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. 4 Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. 5 Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. 6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. 7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. 8 Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter. 9 De må ikkje eta det rått eller kokt i vatn. Nei, det skal vera steikt over elden med hovud, føter og innvolar. 10 De må ikkje la noko bli att til morgonen etter. Er det noko att om morgonen, skal de brenna det opp. 11 Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. 12 Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. 14 Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

15 I sju dagar skal de eta usyra brød. Alt den første dagen skal de ta surdeigen ut frå husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, frå den første til den sjuande dagen, skal støytast ut frå Israel. 16 Den første dagen skal de halda ei heilag samling, på den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Desse dagane skal de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til. 17 Høgtida med usyra brød skal de halda, for på denne dagen førte eg hærane dykkar ut frå Egypt. Difor skal de feira denne dagen i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

18 Frå kvelden den fjortande dagen i den første månaden til kvelden den tjueførste dagen i same månaden skal de eta usyra brød. 19 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, skal støytast ut frå Israels forsamling, anten han er innflyttar eller fødd i landet. 20 De må ikkje eta noko som er syra. Kvar de enn bur, skal de eta usyra brød.

21 Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet! 22 Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen. 23 For Herren skal dra gjennom landet for å slå egyptarane. Og når han ser blodet på bjelken og på dei to dørstolpane, skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk. 24 Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine. 25 Når de så kjem inn i det landet Herren har lova å gje dykk, skal de halda denne skikken ved lag. 26 Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, 27 skal de svara: Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. 28 Så gjekk israelittane bort og gjorde dette. Det som Herren hadde gjeve Moses og Aron påbod om, det gjorde dei.

Israelittane bryt opp frå Egypt

29 Midt på natta slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, frå den førstefødde hos farao, som sat på si trone, til den førstefødde hos fangen i fengselet, og alle dei førstefødde dyra i buskapen.

30 Den natta stod farao opp, han og alle tenarane hans og alle egyptarane. Det høyrdest eit veldig skrik i Egypt, for det fanst ikkje eit einaste hus utan døde. 31 Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Bryt opp og dra bort frå folket mitt, både de og israelittane! Gå av stad og ten Herren slik de har bede om! 32 Ta òg med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og dra bort! Bed så om velsigning for meg òg!» 33 Egyptarane pressa på folket for å få dei ut av landet så fort som råd. «Elles døyr vi alle saman», sa dei.

34 Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var heva, batt kappene sine om bakstetraua og bar dei på akslene. 35 Israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om ting av sølv og gull og om klede. 36 Og Herren lét egyptarane få godvilje for folket så dei gav folket det dei bad om. Slik utnytta dei egyptarane.

37 Så braut israelittane opp frå Ramses og drog til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born. 38 Mange slags menneske følgde med dei, i tillegg til ein stor flokk med småfe og storfe. 39 Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei usyra kaker, som ikkje var heva. For dei vart jaga ut av Egypt og kunne ikkje venta lenger. Difor hadde dei heller ikkje hatt tid til å få med seg mat til reisa.

40 Israelittane hadde då budd i Egypt i 430 år. 41 Akkurat denne dagen, då dei 430 åra var til endes, drog alle Herrens hærar ut frå Egypt. 42 Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut frå Egypt. Denne natta er Herrens natt. Denne natta skal alle israelittar vaka i slekt etter slekt.

43  Herren sa til Moses og Aron: «Dette er forskrifta om påskelammet: Ingen framande skal eta av det. 44 Men kvar slave som er kjøpt for pengar, og som du har late omskjera, kan eta av det. 45 Ingen framand som bur eller arbeider hos deg, kan eta av det. 46 Lammet skal etast i eitt og same hus. Kjøtet må ikkje takast ut av huset, og beina må ikkje brytast på lammet. 47 Slik skal heile Israels forsamling gjera. 48 Dersom innflyttaren som bur hos deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hos han omskjerast. Då kan han vera med og halda høgtid. Han skal vera som ein som er fødd i landet. Men ingen uomskoren kan eta av det. 49 Ei og same lov skal gjelda for den som er fødd i landet, og for innflyttaren som bur hos dykk.» 50 Dette gjorde alle israelittane. Dei gjorde alt som Herren hadde pålagt Moses og Aron. 51 Den same dagen førte Herren israelittane ut frå Egypt, hærskare etter hærskare.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.