Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

19

Herren openberrar seg på Sinai

1 Israelittane kom til Sinai-ørkenen i den tredje månaden etter utferda frå Egypt, på nymånedagen. 2 Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet. 3 Moses gjekk opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane: 4 De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg. 5 Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. 6 De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Dette er dei orda du skal tala til israelittane.»

7 Då Moses kom tilbake, kalla han saman dei eldste i folket og la fram for dei alle dei orda som Herren hadde pålagt han. 8 Og heile folket svara samrøystes: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til Herren.

9 Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg kjem til deg i ei tett sky, så folket kan høyra når eg talar med deg. Då vil dei stola på deg for alltid.» Moses fortalde Herren kva folket hadde sagt. 10  Herren sa til Moses: «Gå til folket. Du skal helga dei i dag og i morgon, og dei skal vaska kleda sine. 11 Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal Herren stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket. 12 Du skal dra ei grense framfor folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet eller rører ved foten av det! Kvar den som rører ved fjellet, skal døy. 13 Inga hand må røra han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det ikkje få leva. Når det lyder ein lang hornstøyt, kan de gå opp på fjellet.» 14 Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine. 15 Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!»

16 Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle. 17 Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet. 18 Heile Sinai-fjellet stod i røyk fordi Herren hadde stige ned på det i eld. Røyken steig opp som frå ein smelteomn, og heile fjellet skalv. 19 Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst.

20 Då steig Herren ned på toppen av Sinai-fjellet. Herren kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp. 21  Herren sa til han: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren for å sjå! For då kjem mange av dei til å falla. 22 Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, for at Herren ikkje skal bryta inn blant dei.» 23 Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje gå opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Dra ei grense rundt fjellet og lys det heilagt!» 24  Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att saman med Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram for å gå opp til Herren, for då bryt han inn blant dei.»

25 Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.