Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

23

Rettferd og kjærleik

1 Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjev ikkje handslag til den som er skuldig, så du blir eit urettferdig vitne!

2 Du skal ikkje følgja fleirtalet i det som er vondt! Når du vitnar i ei rettssak, skal du ikkje gje etter for fleirtalet så du vrengjer retten. 3 Du skal ikkje gje den svake parten føremoner i ei rettssak.

4 Når du kjem over ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har gått seg vill, skal du føra dyret tilbake til han. 5 Når du ser at eselet til uvenen din segnar under børa, må du ikkje gå din veg. Du skal hjelpa han med det.

6 Du skal ikkje vrengja retten for den fattige i ei rettssak. 7 Hald deg borte frå falske klagemål. Ein skuldfri og ein rettferdig må du ikkje slå i hel, for eg vil ikkje frikjenna den som er skuldig.

8 Du skal ikkje ta imot stikkpengar! For slike gåver gjer den klårsynte blind og øydelegg saka for den rettferdige.

9 Du skal ikkje undertrykkja ein innflyttar! De veit korleis det kjennest å vera innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

10 Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber. 11 Men det sjuande året skal du la henne liggja brakk og kvila, så dei fattige i folket ditt kan livnæra seg av henne. Og det som blir att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vinmarkene og oliventrea dine. 12 Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan få ro og sonen til slavekvinna og innflyttaren kan få koma til krefter. 13 Alt det eg har sagt dykk, skal de halda. De skal ikkje nemna namnet på andre gudar; det må ikkje høyrast frå din munn.

Dei årlege høgtidene

14 Tre gonger om året skal du feira høgtid for meg. 15 Du skal halda høgtida med usyra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib, for det var då du drog ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet. 16 Du skal òg halda festen for kornhausten, når du haustar inn førstegrøda av det du sådde på marka, og festen for innhaustinga ved utgangen av året, når du haustar inn frukta av arbeidet ditt på marka. 17 Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren over alle Herrar. 18 Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje liggja natta over til neste morgon. 19 Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til huset åt Herren din Gud.

Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

Engelen og lovnadene

20 Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21 Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. 22 Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar. 23 For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei. 24 Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund. 25 De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg. 26 Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.

27 Eg vil senda redsle for meg framfor deg og skapa forvirring blant alle dei folka du kjem til. Eg skal få alle fiendane dine til å snu ryggen til deg og flykta. 28 Eg vil senda bisvermar framfor deg. Dei skal jaga hevittane, kanaanearane og hetittane bort frå deg. 29 Eg vil ikkje driva dei ut før det er gått eitt år, så landet ikkje skal bli liggjande audt og villdyra bli for mange for deg. 30 Litt etter litt vil eg driva dei ut for deg, til du blir så talrik at du kan ta landet i eige. 31 Eg skal la landegrensene dine nå frå Sivsjøen til Filistarhavet, frå ørkenen til Eufrat. For eg vil gje dei som bur i landet, i di hand, og du skal driva dei bort framfor deg. 32 Du skal ikkje gjera noka pakt med dei og med gudane deira. 33 Dei må ikkje bli buande i landet ditt, så dei får deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, blir det til ei snare for deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.