Gå til forsiden

Andre Mosebok

27

Brennofferaltaret

1 Du skal laga altaret av akasietre, fem alner langt og fem alner breitt. Det skal vera firkanta og tre alner høgt. 2 På kvart av dei fire hjørna skal du laga eit horn, og horna skal gå i eitt med altaret. Du skal kle det med bronse. 3 Så skal du laga fat til å samla opp den feite oska, og eldskuffer, offerskåler, kjøtgaflar og glopanner. Alt utstyret til altaret skal du laga av bronse. 4 Du skal laga ei rist til det, ein bronsenetting. På nettingen skal du laga fire bronseringar, ein i kvart hjørne av altaret. 5 Så skal du leggja rista nedst, under kanten som er omkring altaret, slik at ho når midt opp på altaret. 6 Du skal laga stenger til altaret av akasietre og kle dei med bronse. 7 Stengene skal stikkast inn i ringane så dei sit på begge sidene av altaret når det blir bore. 8 Altaret skal vera holt og laga av treplankar. Det skal lagast slik det vart synt deg på fjellet.

Føregarden

9 Du skal laga ein føregard til bustaden. Mot sør, på sørsida av føregarden, skal det vera eit omheng av fint, tvinna lin. Det skal vera hundre alner langt på denne sida, 10 med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv. 11 Like eins skal det vera eit hundre alner langt omheng på nordsida, med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv. 12 Langs den tverrsida av føregarden som vender mot vest, skal det vera eit omheng på femti alner, med ti søyler og ti soklar. 13 Austsida, den tverrsida som vender mot aust, skal òg vera femti alner lang. 14 Der skal det vera eit femten alner langt omheng på den eine sida, med tre søyler og tre soklar, 15 og på den andre sida eit femten alner langt omheng, med tre søyler og tre soklar. 16 I porten til føregarden skal det vera eit forheng i farga vevnad, av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Det skal vera tjue alner langt, med fire søyler og fire soklar. 17 Alle søylene rundt føregarden skal vera feste saman med sølvband og sølvhakar og soklar av bronse. 18 Føregarden skal vera hundre alner lang, femti alner brei på begge sider og fem alner høg. Omhenget skal vera av fint, tvinna lin og soklane av bronse. 19 Alt utstyret som skal brukast til tenesta i bustaden, og alle pluggane, både til teltet og til føregarden, skal vera av bronse.

Olje til lampene

20 Du skal gje israelittane påbod om å skaffa deg rein olje av knust oliven til lampene, så det alltid kan tennast lys. 21 I teltheilagdomen, utanfor forhenget framfor vitnemålet, skal Aron og sønene hans sørgja for at lampene kan brenna for Herrens andlet frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig ordning for israelittane frå slekt til slekt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.