Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

32

Gullkalven

1 Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.» 2 Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!» 3 Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei. 4 Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!» 5 Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren6 Dagen etter stod folket tidleg opp og ofra brennoffer og bar fram fredsoffer. Dei sette seg ned for å eta og drikka, og så byrja dei å mora seg.

7 Då sa Herren til Moses: «Skund deg ned, for folket ditt, som du førte opp frå Egypt, har gjort noko forferdeleg. 8 Dei har alt bøygd av frå den vegen eg påla dei å følgja. Dei har laga seg ein støypt kalv, kasta seg ned for han, ofra til han og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt!» 9 Og Herren heldt fram: «Eg har halde auge med dette folket, og sjå, det er eit stivnakka folk! 10 Bland deg no ikkje inn, for vreiden min skal flamma opp mot dei og fortæra dei. Men deg vil eg gjera til eit stort folk.» 11 Då bad Moses om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han sa: « Herre, kvifor skal vreiden din flamma opp mot folket ditt, som du har ført ut frå Egypt med stor kraft og sterk hand? 12 Kvifor skal egyptarane få seia: Det var med vond vilje han førte dei ut, for å drepa dei i fjella og utrydda dei frå jorda. Vend om frå din brennande vreide, og lat vera å gjera vondt mot folket ditt! 13 Kom i hug tenarane dine Abraham, Isak og Israel og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera dykk til ei ætt så talrik som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.» 14 Då angra Herren på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot folket sitt.

15 Så gjekk Moses tilbake, ned frå fjellet, med vitnemålet, dei to tavlene, i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og på baksida. 16 Tavlene var Guds eige verk, og skrifta var Guds eiga skrift, rissa inn på tavlene. 17 Då Josva høyrde korleis folket ropa og skreik, sa han til Moses: «Det er krigslarm i leiren.» 18 Moses svara:

«Dette er ikkje lyden av sigerssong

og ikkje lyden av klagesong;

det er lyden av ein annan slags song eg høyrer.»

19 Då Moses nærma seg leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, flamma sinnet slik opp i han at han kasta tavlene frå seg og knuste dei mot fjellet. 20 Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strødde han på vatnet, og han lét israelittane drikka det.

21 Så sa han til Aron: «Kva har dette folket gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over det?» 22 «Ver ikkje sint, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt dette folket er. 23 Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framfor oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt. 24 Då sa eg til dei: Den som har noko av gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Slik vart denne kalven til.» 25 Moses såg kor ustyrleg folket var fordi Aron ikkje klarte å styra dei. Dei hadde vorte til spott for motstandarane sine. 26 Då stilte Moses seg i porten til leiren og ropa: «Kom over til meg, alle som er på Herrens side!» Då samla alle levittane seg om han. 27 Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, kvar og ein! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel brør, vener og slektningar!» 28 Levittane gjorde som Moses sa, og den dagen fall det omkring tre tusen mann av folket. 29 Då sa Moses: «I dag har de vorte vigde til Herren, for de har vendt dykk mot dykkar eigne søner og brør. Difor vil han gje dykk si velsigning i dag.»

30 Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.» 31 Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. 32 Tilgjev no syndene deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut av boka du skriv i!» 33 Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut av boka mi. 34 Gå no og før folket dit eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå føre deg. Men på rekneskapsdagen skal eg gjera opp rekneskap med dei for syndene deira.» 35 Slik straffa Herren folket fordi dei hadde fått laga gullkalven, den som Aron hadde laga.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.