Gå til forsiden

Andre Mosebok

4 

1 Moses svara: «Men enn om dei ikkje trur meg og ikkje høyrer på meg, men seier: Herren har ikkje synt seg for deg.» 2  Herren sa til han: «Kva har du i handa?» «Ein stav», svara han. 3 «Kast han på jorda!» sa han. Og Moses kasta staven på jorda. Då vart staven til ein slange, og Moses rømde for han. 4  Herren sa til Moses: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og greip han, og slangen vart til ein stav i handa hans. 5 «Dette er for at dei skal tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.» 6 Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Han stakk handa inn på brystet og drog henne ut att. Og sjå, handa hadde fått kvite flekker, liksom snø. 7 Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet ein gong til!» Moses stakk handa inn på brystet, og han drog henne ut, og sjå, huda var som elles på kroppen. 8 «Om dei ikkje trur deg og ikkje lyder ved det første teiknet, så vil dei tru etter det andre. 9 Men trur dei ikkje etter nokon av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du ta vatn frå Nilen og hella det ut over tørre marka. Og vatnet du tek frå Nilen, skal bli til blod på marka.»

10 Men Moses sa til Herren: «Høyr, Herre! Eg har aldri vore ein mann av ord, korkje før eller no, etter at du byrja å tala til tenaren din. Sein er min munn, og sein er mi tunge.» 11 Då sa Herren: «Kven gjev mennesket munn? Kven gjer stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? 12 Gå no! Eg skal vera med din munn og læra deg kva du skal seia.»

13 Men han sa: «Høyr, Herre! Send heller ein annan!» 14 Då vart Herren brennande harm på Moses og sa: «Har du ikkje bror din Aron, levitten? Eg veit at han er god til å tala. Han er alt på veg for å møta deg, og han blir glad av heile sitt hjarte over å sjå deg. 15 Tal med han og legg orda i munnen på han. Så skal eg vera med din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera. 16 Han skal tala til folket for deg. Han skal vera som ein munn for deg, og du skal vera som Gud for han. 17 Ta denne staven i handa. Med den skal du gjera teikna!»

Moses vender attende til Egypt

18 Moses gjekk tilbake til Jetro, svigerfar sin, og sa til han: «Eg vil bryta opp og dra til landsmennene mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Og Jetro sa til Moses: «Gå med fred!»

19  Herren sa til Moses i Midjan: «Bryt opp og dra tilbake til Egypt! For no er dei døde alle dei som ville drepa deg.» 20 Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og vende attende til Egypt. Og Moses tok gudsstaven i handa.

21 Då sa Herren til Moses: «Når du kjem tilbake til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera for farao som eg har lagt i di hand. Men eg vil gjera hjartet hans ubøyeleg, så han ikkje lèt folket fara. 22 Du skal seia til farao: Så seier Herren: Israel er min førstefødde son. 23 Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tilbe meg! Men nektar du han å fara, sjå, då vil eg drepa den førstefødde son din.»

24 Medan Moses var på veg og hadde søkt ly for natta, møtte Herren han og ville drepa han. 25 Sippora tok då ein kvass stein og skar av forhuda på son sin og rørte ved føtene hans. Ho sa: «Du er blodbrudgomen min.» 26 Då lét Herren han vera. Ho sa «ein blodbrudgom» på grunn av omskjeringa.

27  Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i ørkenen!» Han gjekk av stad og møtte Moses ved Guds fjell, og han kyste han. 28 Moses fortalde Aron om alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.

29 Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste blant israelittane. 30 Aron sa fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna framfor auga på folket. 31 Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde halde auge med israelittane og sett at dei vart plaga, bøygde dei seg til jorda og tilbad.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.