Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

6 

1  Herren sa til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Ei sterk hand skal tvinga han til å la dei gå, og ei sterk hand skal tvinga han til å driva dei ut av landet sitt.»

Herren vil fria folket ut

2 Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren. 3 Eg synte meg for Abraham, for Isak og for Jakob som Gud, Den veldige, men under namnet mitt Herren var eg ikkje kjend for dei. 4 Og eg oppretta mi pakt med dei for å gje dei landet Kanaan, det landet dei budde i som innflyttarar. 5 Eg har òg høyrt korleis israelittane stønnar fordi egyptarane har gjort dei til slavar, og eg kjem i hug pakta mi. 6 Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt og fria dykk frå slaveriet. Eg vil fria dykk ut med utstrekt arm og med store straffedommar. 7 Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. Då skal de kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som fører dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt. 8 Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren9 Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet.

10 Då sa Herren til Moses: 11 «Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.» 12 Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?»

13 Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, kongen i Egypt, med bod om at Israels folk skulle førast ut frå Egypt.

Forfedrane til Moses og Aron

14 Dette er leiarane for familiane deira: Sønene til Ruben, Israels førstefødde, var Henok og Pallu, Hesron og Karmi. Det er slektene til Ruben.

15 Sønene til Simon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er slektene til Simon.

16 Dette er namna på sønene til Levi og slektene deira ifølgje slektshistoria: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gammal. 17 Sønene til Gersjon, slekt for slekt, var Libni og Sjimi. 18 Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gammal. 19 Sønene til Merari var Mahli og Musji. Dette er slektene til Levi ifølgje slektshistoria.

20 Amram tok Jokebed, tanta si, til kone. Ho fødde han Aron og Moses. Amram vart 137 år gammal. 21 Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri. 22 Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri.

23 Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Nahsjon. Ho fødde han Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. 24 Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er slektene til Korah. 25 Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Ho fødde han Pinhas. Dette er leiarane for familiane til levittane, slekt for slekt.

26 Det var til Aron og Moses Herren sa: «Før israelittane ut frå Egypt, flokk for flokk!» 27 Det var dei som tala til farao, kongen i Egypt, om at israelittane skulle førast ut frå Egypt; det var Moses og Aron.

Herren skal gjera teikn og under

28 På den dagen tala Herren til Moses i Egypt. 29 Han sa: «Eg er Herren. Sei til farao, kongen i Egypt, alt det eg seier deg!» 30 Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, eg har uomskorne lepper. Kvifor skulle farao høyra på meg?»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.