Gå til forsiden

Andre Mosebok

9

Femte plaga: pest

1  Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 2 Men om du nektar dei å dra og framleis held dei att, 3 skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet. 4  Herren skal skilja mellom buskapen til israelittane og buskapen til egyptarane; ikkje noko av det som høyrer israelittane til, skal døy.» 5 Og Herren fastsette ei tid og sa: «I morgon skal Herren setja dette i verk i landet.»

6 Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr. 7 Farao sende bod, og sjå, ikkje eit einaste dyr var daudt av buskapen til israelittane. Men farao gjorde seg hard i hjartet og lét ikkje folket dra.

Sjette plaga: verkebyllar med blemmer

8  Herren sa til Moses og Aron: «Fyll nevane med sot frå omnen. Moses skal kasta det mot himmelen for auga på farao, 9 og det skal bli til fint støv over heile Egypt. Det skal koma over folk og fe og bli til verkebyllar som slår ut i blemmer, overalt i Egypt.» 10 Dei tok sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det mot himmelen, og det vart til verkebyllar og blemmer som sette seg på folk og fe. 11 Magikarane kunne ikkje møta Moses på grunn av byllane, for det hadde kome verkebyllar på magikarane som på alle dei andre egyptarane. 12 Men Herren gjorde farao ubøyeleg i hjartet, og han høyrde ikkje på dei, slik som Herren hadde sagt til Moses.

Sjuande plaga: hagl

13  Herren sa til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og gå fram for farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 14 For denne gongen vil eg senda alle plagene mine mot deg sjølv og over tenarane dine og folket ditt, så du kan kjenna at ingen er som eg på heile jorda. 15 Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så du hadde vorte utrydda frå jorda. 16 Men eg har likevel halde deg oppe for å visa deg mi makt, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda. 17 Framleis hindrar du folket mitt og lèt det ikkje dra. 18 Sjå, i morgon på denne tida sender eg eit kraftig haglvêr som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart til. 19 Men no, send bod og syt for å berga buskapen din og alt det du har på marka! Alle menneske og dyr som er ute på marka, og som ikkje har rokke å koma i hus, skal døy når haglet fell på dei.» 20 Dei av tenarane til farao som frykta Herrens ord, lét tenarane og buskapen søkja ly innandørs. 21 Men dei som ikkje opna hjartet for Herrens ord, lét tenarane og buskapen vera ute på marka.

22  Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, og det skal hagla i heile Egypt, over menneske og dyr og over alt som veks på marka i Egypt!» 23 Moses rette staven sin opp mot himmelen, og Herren sende torevêr og hagl, og eld fór ned mot jorda. Herren lét det hagla over Egypt. 24 Det kom hagl og logande eld midt i haglet, eit haglvêr så kraftig som det ikkje hadde vore i landet sidan egyptarane vart eit folk. 25 I heile Egypt slo haglet ned alt som var ute på marka, både menneske og dyr. Haglet slo ned alt som voks på marka, og knuste kvart tre. 26 Berre i Gosen, der israelittane budde, fall det ikkje hagl.

27 Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har retten på si side; det er eg og folket mitt som er skuldige. 28 Gå i forbøn hos Herren; det har vore meir enn nok av Guds torevêr og hagl! Så vil eg la dykk dra, de treng ikkje vera her lenger.» 29 Moses sa til han: «Så snart eg kjem ut av byen, vil eg strekkja hendene mine ut mot Herren. Torevêret skal stilna, og det skal halda opp å hagla. For du skal kjenna at jorda høyrer Herren til. 30 Men eg veit at du og tenarane dine enno ikkje fryktar Herren Gud.» 31 Linet og bygget vart slegne ned, for bygget stod med aks og linet i blom. 32 Men kveiten og spelten vart ikkje slegne ned, for dei blir mogne seinare.

33 Moses gjekk bort frå farao og ut av byen, og han strekte hendene ut mot Herren. Torevêret og haglet heldt opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir. 34 Då farao såg at regnet og haglet og torevêret hadde halde opp, heldt han fram med å synda. Han og tenarane hans gjorde seg harde i hjartet. 35 Farao var ubøyeleg i sitt hjarte, og han lét ikkje israelittane dra, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.