Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

12

Kongen skal i eksil

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, du bur midt i ei trassig ætt som har auge å sjå med, men ikkje ser, og øyre å høyra med, men ikkje høyrer, for ei trassig ætt er dei. 3 Men du, menneske, pakk tinga dine for eksil og far av stad om dagen rett framfor auga på folk! Far bort frå bustaden din til ein annan stad, rett framfor auga på dei. Kanskje dei då vil innsjå at dei er ei trassig ætt. 4 Tinga dine skal du bera ut om dagen rett framfor auga på dei, og sjølv skal du fara av stad om kvelden rett framfor auga på dei, lik folk som blir bortførte. 5 Bryt hol i veggen rett framfor auga på dei, og ber tinga dine ut gjennom det. 6 Ta dei på aksla rett framfor auga på dei, i mørkret skal du ta dei ut. Andletet skal du dekkja til så du ikkje ser landet. Slik gjer eg deg til eit varsel for Israels hus.

7 Eg gjorde det som var sagt. Om dagen bar eg ut tinga mine som utstyr for eksil. Om kvelden braut eg meg hol i veggen med hendene. I mørkret bar eg tinga mine ut, eg tok dei på aksla rett framfor auga på dei.

8 Morgonen etter kom Herrens ord til meg: 9 Menneske, har ikkje Israels hus, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?» 10 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Det du ber på, er fyrsten i Jerusalem og heile Israels hus, dei som er der. 11 Sei: Eg er eit varsel for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med dei i byen. Dei skal fara i eksil, i fangenskap skal dei fara. 12 I mørkret skal fyrsten som er hos dei, ta tinga sine på aksla og dra ut. Dei skal bryta hol i veggen og føra han ut. Andletet skal han dekkja til så han ikkje kan sjå landet med auga. 13 Eg vil spenna ut garnet mitt over han, han skal fangast i nettet. Så fører eg han til Babel i Kaldearlandet. Men det får han ikkje sjå. Og der skal han døy. 14 Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle soldatane, vil eg spreia for alle vindar og forfølgja med drege sverd. 15 Då skal dei kjenna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strør dei ut i landa. 16 Berre nokre få av dei lèt eg sleppa unna sverd og svolt og pest, for at dei skal fortelja om alle dei avskyelege handlingane sine til folka dei kjem til. Då skal dei kjenna at eg er Herren.

Herrens ord slår ikkje feil

17  Herrens ord kom til meg: 18 Menneske! Skjelvande skal du eta ditt brød, og vatnet skal du drikka med uro og angst. 19 Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Urolege skal dei eta sitt brød, og forfærde skal dei drikka sitt vatn. Landet og alt som er i det, skal bli uhyggjeleg audt, for alle som bur der, har brukt vald. 20 Byane som det no bur folk i, skal leggjast aude, og landet skal bli ei øydemark. Då skal de kjenna at eg er Herren.

21 Og Herrens ord kom til meg: 22 Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane blir mange, alle syn slår feil.» 23 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Men sei til dei: Dagen er nær, kvart syn slår til. 24 For ingen skal lenger ha tomme syn eller koma med falske spådomar i Israels hus. 25 Det er eg, Herren, som talar, og det ordet eg talar, skal skje, det skal ikkje utsetjast lenger. For i di tid, du trassige ætt, talar eg mitt ord og set det i verk, seier Herren Gud.

26 Og Herrens ord kom til meg: 27 Menneske, høyr! Israels hus seier: «Det synet han ser, gjeld langt fram, det er fjerne tider han profeterer om.» 28 Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Ingenting av det eg har sagt, skal utsetjast lenger. Når eg talar eit ord, skal det skje, seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.