Gå til forsiden

Esekiel

14

Vend dykk bort frå gudebileta

1 Nokre av Israels eldste kom til meg, og dei sette seg framfor meg. 2 Då kom Herrens ord til meg: 3 Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjartet, dei har sett framfor seg det som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei be meg om råd? 4 Difor skal du tala med dei og seia til dei: Så seier Herren Gud: Om ein eller annan av Israels hus gjev avgudane rom i hjartet og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten, då skal eg, Herren, svara han og dei mange avgudane hans som fortent. 5 Slik grip eg israelittane om hjartet, alle dei som har svikta meg med avgudane sine.

6 Sei difor til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og vend dykk bort frå alt det avskyelege! 7 Om ein eller annan av Israels hus eller innflyttarane i Israel skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjartet, og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten for søkja råd frå meg, då skal eg, Herren, sjølv svara han. 8 Eg vil venda meg mot han så han blir til eit teikn og eit ordtak. Eg vil rydda han ut av folket mitt. Då skal de kjenna at eg er Herren.

9 Og om profeten lèt seg lokka til å seia noko, då er det eg, Herren, som har lokka han. Eg vil retta handa mot han og rydda han ut av Israel, folket mitt. 10 Då må begge bera si eiga skuld, både han som søkjer råd og profeten, 11 for at Israels hus ikkje lenger skal forvilla seg bort frå meg og ikkje meir gjera seg ureint med alle syndene sine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud, seier Herren Gud.

Noah, Daniel og Job

12  Herrens ord kom til meg: 13 Menneske, når eit land syndar mot meg og handlar trulaust, då retter eg ut handa mot det og bryt brødstaven for det. Eg sender svolt i landet og ryddar ut både menneske og dyr.

14 Om desse tre mennene, Noah, Daniel og Job, var der, kunne dei med si rettferd berre berga sitt eige liv, seier Herren Gud. 15 Dersom eg lét villdyr fara gjennom landet og dei gjorde det folketomt, og det vart til ei øydemark der ingen kunne fara gjennom på grunn av villdyra, 16 då kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – verken berga søner eller døtrer. Berre dei sjølve kunne bli berga, men landet ville bli ei øydemark.

17 Eller om eg sende sverd mot det landet og sa: «Sverd, far gjennom landet og rydd ut både menneske og dyr», 18 då kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – verken berga søner eller døtrer. Dei kunne berre bli berga sjølve.

19 Eller om eg sende pest i landet og auste ut min harme over det, så eg drap og rydda ut både menneske og dyr, 20 då kunne Noah, Daniel og Job, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – verken berga son eller dotter. Ved si rettferd kunne dei berre berga sitt eige liv.

21 For så seier Herren Gud: Sjølv om eg sender dei fire vonde straffedommane mine over Jerusalem – sverd, svolt, villdyr og pest – for å rydda ut både menneske og dyr frå byen, 22 skal ein rest av overlevande likevel bli att der, søner og døtrer som skal førast ut. Sjå! Dei skal koma ut til dykk. Når de ser korleis dei ferdast og kva dei gjer, finn de trøyst etter ulukka som eg lét koma over Jerusalem, alt det eg lét koma over henne. 23 Og dei skal vera dykk til trøyst når de ser korleis dei ferdast og kva dei gjer. Då skal de skjøna at det ikkje er utan grunn eg har gjort alt det eg gjorde der, seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.