Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

16

Jerusalems truløyse og straff

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, tal til Jerusalem om alt det avskyelege hos henne. 3 Du skal seia: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du stammar frå Kanaanearlandet, der vart du fødd. Far din var amoritt og mor di hetitt. 4 Då du kom til verda, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen, dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt, og dei sveipte deg ikkje. 5 Ingen viste deg medkjensle, ikkje ein av desse tinga gjorde dei mot deg fordi dei tykte synd i deg. Dei slengde deg ut på marka fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd. 6 Då gjekk eg forbi og såg deg der du låg og sprella i blod. Og eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev.» Eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev!» 7 Eg gjorde deg talrik som blomane på marka. Og du voks og vart stor, du vart strålande vakker. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.

8 Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida di var komen, tida til å elska. Då breidde eg fliken av kappa mi over deg og skjulte den nakne kroppen din. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, seier Herren Gud. 9 Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje. 10 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av fint skinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke. 11 Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen. 12 Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet. 13 Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart svært, svært vakker. Du fekk kongeleg rang. 14 Mellom folka gjekk det gjetord om din venleik, for han vart fullkomen av alt det praktfulle eg gav deg, seier Herren Gud.

15 Men du var trygg på din venleik, du dreiv hor på ditt rykte. Du baud deg fram som hore til kvar og ein som kom forbi, og han fekk deg. 16 Du tok nokre av kleda dine for å gjera offerhaugane fargerike. Der dreiv du hor, slik det aldri må henda. 17 Du tok smykka av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannlege gudebilete, som du dreiv hor med. 18 Du tok dei fargerike kleda dine og dekte dei med, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei. 19 Brødet som eg hadde gjeve deg, det fine mjølet, oljen, honningen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til vellukt, seier Herren Gud.

20 Sønene og døtrene som du hadde fødd, og som høyrde meg til, tok du og ofra til mat for dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor, 21 sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden? 22 Når du gjorde alt dette avskyelege og dreiv hor, kom du ikkje i hug din ungdoms dagar då du var naken og berr og låg og sprella i blod.

23 Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud24 bygde du deg ein høg stad og laga deg ein haug i alle gater. 25 I alle vegkryss bygde du deg ein haug. Der gjorde du venleiken din til noko avskyeleg. Du skreva med beina for kvar mann som kom forbi, meir og meir dreiv du hor. 26 Du dreiv hor med egyptarane, grannane med kraftig lem, og med alt ditt horeri gjorde du meg rasande.

27 Då rette eg ut handa mot deg og tok tilbake det du skulle ha. Eg gav deg over til deira vilje som hatar deg, til filistardøtrene, dei som blir krenkte av ditt skamlause liv. 28 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok. 29 Og du heldt fram med ditt horeri, heilt til kremmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.

30 Kor sjukt hjartet ditt er, seier Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og oppføra deg som ei frekk hore! 31 Du bygde ein høg stad i kvart vegkryss og laga ein haug i alle gater. Men du var ikkje som andre horer, for du avslo horepengar. 32 Ei kvinne som bryt ekteskapet, tek framande menn i staden for ektemannen sin. 33 Andre horer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du kjøpte dei for at dei skulle koma frå alle kantar så du kunne driva hor. 34 Når du dreiv hor, var du ulik andre kvinner. Det var ingen som ville ha deg, du fekk ikkje horepengar, men du gav. Så bakvendt var det med deg. 35 Difor, du hore, høyr Herrens ord!

36 Så seier Herren Gud: Fordi du sløste med koparpmyntane dine og viste fram din nakenskap når du dreiv hor med elskarane, alle dei avskyelege avgudane dine, og fordi du gav dei blodet til borna dine, 37 vil eg samla alle elskarane dine som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og viser den nakne kroppen din for dei. Dei skal sjå deg heilt naken. 38 Eg dømmer deg til å bli straffa for ekteskapsbrot og drap, eg råkar deg med blod i harme og sjalusi. 39 Eg gjev deg i hendene på elskarane dine, og dei skal bryta ned den høge staden din og øydeleggja haugane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr. 40 Så reiser dei opp ein flokk mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd. 41 Dei brenner ned husa dine og held dom over deg framfor auga på mange kvinner. Slik gjer eg ende på ditt horeri, så du ikkje meir kan gje horepengar. 42 Så bruker eg opp min harme på deg, min sjalusi vik frå deg, eg teier og er ikkje lenger sint. 43 Fordi du gløymde di ungdomstid og terga med alt dette, skal eg la gjerningane dine koma over ditt eige hovud, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting i tillegg til alt det avskyelege?

44 Sjå, alle som bruker ordtak, skal bruka dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.» 45 Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var hetitt og far dykkar amoritt. 46 Di storesyster er Samaria, som bur med døtrene sine til venstre for deg. Og di veslesyster er Sodoma, som bur med døtrene sine til høgre for deg. 47 Ikkje berre gjekk du på deira vegar og gjorde dei same avskyelege tinga, men etter ei kort tid handla du på alle vis verre enn dei. 48 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine. 49 Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige. 50 Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.

51 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du. 52 Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.

53 Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg. 54 Slik skal du bera di vanære og skamma deg over alt du har gjort, til trøyst for dei.

55 Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal få det som før, Samaria og døtrene hennar skal få det som før, og du og døtrene dine skal få det som før. 56 Sette ikkje du ut dårleg rykte om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig? 57 Det var før vondskapen din vart synleg. På den tida var du til spott for arameardøtrene og alle der omkring, for filistardøtrene som hånte deg på alle kantar. 58 Di skamløyse og alt det avskyelege hos deg må du bera sjølv, seier Herren.

59 For så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde forbanninga og braut pakta. 60 Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil oppretta ei evig pakt med deg. 61 Du skal minnast kva du har gjort, og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er eldre enn du, og dei som er yngre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg. 62 Når eg opprettar mi pakt med deg, då skal du kjenna at eg er Herren. 63 Så skal du minnast det og skamma deg, på grunn av skamma skal du aldri meir opna munnen, når eg tilgjev deg alt du har gjort, seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.