Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

25

Domsord mot grannefolk

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei. 3 Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud:


Så seier Herren Gud:

Du sa ha-ha!

om min heilagdom då han vart vanhelga,

om Israels land då det vart lagt øyde,

om Judas hus då dei gjekk i eksil.

4 Sjå, difor lèt eg folka frå aust ta deg i eige.

Dei skal slå leir og setja opp bustader hos deg.

Dei skal eta di frukt og drikka di mjølk.

5 Rabba gjer eg til ei beitemark for kamelar,

Ammon til kvileplass for småfe.

Då skal de kjenna at eg er Herren.

6 For så seier Herren Gud:

Du klappa i hendene,

du trampa med føtene,

du fryda deg over Israels land i forakt.

7 Sjå, difor lyfter eg handa mot deg

og gjev deg til bytte for andre folkeslag.

Eg ryddar deg ut frå folkeslaga,

eg utslettar deg frå landa,

eg øydelegg deg.

Og du skal kjenna at eg er Herren.


8 Så seier Herren Gud:

Moab og Se'ir har sagt:

«Judas hus er som alle andre folkeslag.»

9 Sjå, difor opnar eg

Moabs høgdedrag ved byane,

frå byane til grensa,

Bet-Jesjimot, Baal-Meon og Kirjatajim,

pryden i landet.

10 Eg lèt folka frå aust ta landet i eige

slik eg gjorde med ammonittane.

Ammonittane skal ikkje bli hugsa

mellom folkeslaga.

11 Mot Moab set eg dommen i verk,

dei skal kjenna at eg er Herren.


12 Så seier Herren Gud:

Edom har hemna seg på Judas hus

og ført stor skuld over seg med sin hemn.

13 Difor seier Herren Gud:

Eg lyfter handa mot Edom

og ryddar ut menneske og dyr.

Eg legg landet audt.

Frå Teman til Dedan skal dei falla for sverd.

14 Eg hemnar meg på Edom

ved folket mitt, Israel.

Dei skal gjera med Edom

etter min vreide og harme.

Edom skal få kjenna min hemn,

seier Herren Gud.


15 Så seier Herren Gud:

Filistrane tok hemn,

dei hemna seg med forakt

og herja for gammal fiendskap skuld.

16 Difor seier Herren Gud:

Sjå, eg lyfter handa mot filistrane,

eg ryddar ut kretarane

og gjer ende på resten av folket ved kysten.

17 Eg tek ein hard hemn over dei

med flammande straff.

Dei skal kjenna at eg er Herren

når eg hemnar meg på dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.