Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

26

Tyros skal gå til grunne

1 Det var i det ellevte året, på den første dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:


2 Menneske, Tyros har sagt om Jerusalem:

«Ha-ha! Knust er ho

som var ein port for folka,

no er ho vend mot meg.

Eg gjer meg rik, ho er lagd øyde.»

3 Difor seier Herren Gud:

Eg kjem over deg, Tyros.

Eg lèt mange folkeslag slå inn over deg,

liksom havet lèt bølgjene slå.

4 Dei skal bryta ned murane kring Tyros

og leggja tårna i grus.

Eg vil feia jorda vekk

og gjera henne til nake berg.

5 Ein tørkeplass for fiskegarn

skal ho bli, midt i havet,

for eg har tala,

seier Herren Gud.

Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.

6 Døtrene ute på marka

skal bli drepne med sverd.

Dei skal kjenna at eg er Herren.


7 For så seier Herren Gud:

Sjå, frå nord sender eg Nebukadnesar mot Tyros,

Babels konge, kongen over kongar,

med hestar, vogner og ryttarar,

ein hær av folk.

8 Døtrene dine ute på marka

skal han slå i hel med sverd.

Han skal byggja skansar,

kasta opp ein voll

og reisa ein mur av skjold mot deg.

9 Så støyter han rambukken mot murane dine,

med våpen bryt han tårna ned.

10 Han har så mange hestar

at støvet frå dei dekkjer deg.

Av larmen frå ryttarar, hjul og vogner

rister murane dine

når han dreg inn gjennom portane

slik dei rykkjer inn i ein hærteken by.

11 Med hovane av sine hestar

trakkar han alle gater sund.

Han drep folket ditt med sverd,

kraftige søyler styrtar til jorda.

12 Dei røvar rikdomen din

og tek varene til krigsbytte.

Dei bryt murane ned

og riv kostbare hus.

Stein, tre og jord kastar dei på sjøen.

13 Eg gjer slutt på lyden av songane dine,

klangen av lyrer skal ikkje høyrast.

14 Eg gjer deg til eit nake berg.

Ein tørkeplass for fiskegarn skal du bli.

Du skal ikkje byggjast opp att,

for eg, Herren, har tala,

seier Herren Gud.


15 Så seier Herren Gud til Tyros:

Sanneleg, kystane skal skjelva ved drønnet når du fell,

når dei såra stønnar,

når slaktinga set i gang hos deg.

16 Då skal alle fyrstane ved havet

stiga ned frå trona,

leggja kappa bort

og ta av seg dei fargerike kleda.

Dei kler seg i redsle

og set seg på jorda.

Dei skjelv stadig,

slegne av skrekk på grunn av deg.


17 Dei stemmer i ei likklage og seier om deg:

Korleis kunne du gå til grunne,

du som fekk ditt folk frå havet,

den lovprisa byen

som var mektig på sjøen,

byen og hennar innbyggjarar

som spreidde redsle blant alle som bur der.

18 No skjelv kystane,

det er dagen for ditt fall,

øyane i havet blir slegne av skrekk

over den enden du fekk.


19 Så seier Herren Gud:

Når eg gjer deg til ein herja by,

lik byar det ikkje bur folk i,

når eg lèt havdjupet slå inn over deg

og veldige vatn dekkjer deg,

20 då fører eg deg ned

til dei som har gått i grav,

ned til folk frå fortida.

Eg lèt deg bu i landet der nede,

det liknar ruinar frå gammal tid,

saman med dei som har gått i grav,

så du ikkje vender attende

og får plass i landet til dei levande.

21 Eg gjer deg til skremsel,

du skal ikkje vera meir.

Dei skal leita etter deg,

men du skal aldri meir bli funnen,

seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.