Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

27

Likklage over Tyros

1  Herrens ord kom til meg: 2 Du menneske, stem i ei likklage over Tyros! 3 Du skal seia til Tyros, som ligg ved portane til havet og handlar med folk på mange kystar:


Så seier Herren Gud:

Tyros, du har sagt:

«Eg er fullkomen i min venleik.»

4 Midt ute på havet

går grensene dine.

Dei som bygde deg,

gjorde deg fullkomen i venleik.

5 Dei bygde med plankar

av sypress frå Senir,

ein seder frå Libanon tok dei

for å laga deg ei mast.

6 Av eik frå Basan laga dei årar,

treverk innlagt med elfenbein

laga dei av sypress frå kittearøyane.

7 Seglet var av fint og fargerikt lin frå Egypt.

Det skulle vera merket ditt.

Solduken var blått og raudt purpur

frå Elisja-kystane.

8 Folk frå Sidon og Arvad

var rorskarane dine.

Dine klokaste, Tyros,

var mannskap.

9 Gebals eldste og klokaste menn

var skipstømrarane dine.

Alle skip og sjøfolk på havet

kom til deg for å byta varer.

10 Menn frå Persia, Lud og Put

var krigsmenn i hæren din.

Dei hengde opp skjold

og hjelmar hos deg,

dei kasta glans over deg.

11 Menn frå Arvad og din eigen hær

stod omkring på murane,

gammadearar var i tårna dine.

Dei hengde opp skjolda sine

omkring på murane

og gjorde deg fullkomen i venleik.

12 Tarsis dreiv handel med deg,

for rikdomen din var stor.

Dei gav deg sølv og jern,

tinn og bly tilbake.

13 Javan, Tubal og Mesjek

handla med deg.

Dei gav slavar og bronsekar i byte.

14 Frå Bet-Togarma gav dei deg

arbeidshestar, ridehestar og muldyr tilbake.

15 Folk frå Dedan handla med deg,

mange øyar dreiv handel.

Dei betalte tilbake med elfenbein og ibenholt.

16 Aram dreiv handel med deg

fordi du hadde alle slag handverk.

Edelsteinar, raudt purpur og fargerikt tøy,

fint lin, korallar og rubinar

gav dei deg tilbake.

17 Juda og Israels land handla med deg.

Kveite frå Minnit, hirse og honning,

olje og balsam gav dei i byte.

18 Damaskus dreiv handel med deg.

Du hadde alle slag handverk,

for rikdomen din var stor.

Vin frå Helbon,

ull frå Sahar 19 og Dan

og vin frå Usal gav dei deg tilbake.

Også smijern, kassia og kalmus

fekk du i byte.

20 Dedan handla med deg,

fine hestedekken.

21 Arabia og alle fyrstane i Kedar dreiv handel,

dei handla med lam, bukkar og geiter.

22 Kjøpmenn frå Saba og Rama

handla med deg,

den finaste balsam,

dyre steinar og gull

gav dei deg tilbake.

23 Harran, Kanne og Eden

og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad

handla med deg,

24 dei handla med deg

på marknaden din,

staselege klede og kapper av purpur,

fargerike tøy, teppe med mønster

og snorer som var tvinna stramt.

25 Tarsis-skip var dine handelskaravanar.

Du var fylt av varer og tungt lasta

midt ute på havet.

26 Rorskarane førte deg til mange farvatn.

Austavinden knuste deg

midt ute på havet.

27 Din rikdom, dine varer

og alt du fekk i byte,

mannskap og styrmenn,

skipstømrarar og bytehandlarar,

alle krigsmenn og heile din hær

som er hos deg, søkk

midt ute på havet

den dagen du går under.

28 Når skriket frå styrmennene lyder,

skjelv strendene.

29 Då forlèt alle sine skip,

rorskarane, mannskapet og sjømennene går i land.

30 Dei lèt klaga over deg lyda,

dei skrik bittert.

Dei kastar støv på hovudet,

dei velter seg i oske.

31 Dei rakar seg snaue på skallen for di skuld.

Dei kler seg i sekkestrie

og græt bittert over deg,

ei bitter klage.

32 Dei stemmer i ei likklage,

dei syng ut si klage over deg:


Kven var som Tyros

der ute på havet?

33 Med varene du førte inn frå alle hav,

metta du mange folk.

Med den store rikdomen din

og alt du bytte til deg,

gjorde du kongar på jorda rike.

34 No er du knust av havet,

i djupet ligg du.

Alt du bytte til deg

og heile hæren din har gått under.

35 Alle som bur ved kysten,

er forstøkte over deg,

håret reiser seg på hovudet til kongane,

andletet er fordreia.

36 Kjøpmenn mellom folka plystrar hånleg til deg.

Eit skremsel har du vorte,

du er borte for alltid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.