Gå til forsiden

Esekiel

28

Dom over fyrsten av Tyros

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, sei til fyrsten av Tyros:


Så seier Herren Gud:

Fordi hjartet ditt er hovmodig,

har du sagt: «Eg er ein gud.

Eg sit på gudetrone

midt ute på havet.»

Men du er eit menneske og ikkje ein gud,

du har gjort hjartet ditt

likt eit gudehjarte.

3 Sjå, visare er du enn Daniel,

ingen løyndom er duld for deg.

4 Med visdom og vit

har du skaffa deg makt,

du har skaffa sølv og gull

til skattkammera dine.

5 Med stor visdom i handel

auka du di makt,

men hjartet vart hovmodig av makta.


6 Difor seier Herren Gud:

Fordi du gjorde hjartet

likt eit gudehjarte,

7 sender eg mot deg

framande, brutale folkeslag.

Dei dreg sverdet

mot din vene visdom

og vanærar di prakt.

8 Dei styrtar deg i avgrunnen,

drepen manns død skal du lida

midt ute på havet.

9 Vil du verkeleg seia «Eg er gud»

andlet til andlet med din mordar?

Men du er menneske og ikkje gud

i hendene på dine drapsmenn.

10 Uomskoren manns død skal du lida

i hendene på framande.

For eg har tala,

seier Herren Gud.

Likklage over kongen av Tyros

11  Herrens ord kom til meg: 12 Menneske, stem i ei likklage over kongen av Tyros og sei til han:


Så seier Herren Gud:

Du var eit bilete på det fullenda,

fylt av visdom,

fullkomen i venleik.

13 I Eden, Guds hage, heldt du til.

Du var dekt av alle slag dyre steinar:

rubin, topas og diamant,

krysolitt, onyks og jade,

safir, turkis og smaragd.

Forgylte kunstverk

var dine trommer og fløyter,

gjorde i stand for deg

den dagen du vart skapt.

14 Du var ein salva kjerub, eit vern.

Eg innsette deg,

på Guds heilage fjell heldt du til,

mellom glødande steinar vandra du.

15 Du var heil i di ferd

frå den dagen du vart skapt,

til det vart funne urett hos deg.

16 Din store handel

fylte deg med vald,

og du tok til å synda.

Då dreiv eg deg bort frå gudefjellet

og gjorde ende på deg,

du vaktar og kjerub

mellom glødande steinar.

17 Ditt hjarte vart hovmodig

av din venleik,

og du øydela din visdom

og di prakt.

Då kasta eg deg til jorda,

eg sette deg framfor kongar

så dei kunne sjå på deg.

18 Med stor skuld

og med urett i handel

vanhelga du dine heilagdomar.

Eg sende eld,

og han gjorde ende på deg.

Eg gjorde deg til oske på jorda

rett framfor auga

på alle som såg deg.

19 Alle som kjende deg

mellom folka, gyser.

Eit skremsel har du vorte,

du er borte for alltid.

Profetord til Sidon

20  Herrens ord kom til meg: 21 Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne. 22 Sei:


Så seier Herren Gud:

Sjå, eg kjem over deg, Sidon,

og viser min herlegdom midt i deg.

Dei skal kjenna

at eg er Herren

når eg held dom over byen

og viser meg heilag der.

23 Eg sender pest,

blod skal renna i gatene.

Der skal dei drepast,

falla for sverd

rette mot byen frå alle kantar.

Då skal dei kjenna

at eg er Herren.

24 Til Israels hus

skal det aldri meir koma

tornar som riv

og tistlar som stikk,

frå alle grannefolk som foraktar dei.

Dei skal kjenna

at eg er Herren Gud.


25 Så seier Herren Gud:

Når eg samlar Israels hus

frå alle folka dei er spreidde imellom,

då vil eg gjennom dei visa meg heilag

for auga på folkeslaga.

Dei skal få bu i landet sitt,

det som eg gav Jakob, tenaren min.

26 Der skal dei bu trygt,

byggja hus og planta vinmarker.

Dei skal bu trygt når eg held dom

over alle grannefolk som foraktar dei.

Då skal dei kjenna

at eg er Herren deira Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.