Gå til forsiden

Esekiel

31

Den falne sederen

1 Det var i det ellevte året, på den første dagen i den tredje månaden. Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, sei til farao, kongen i Egypt, og til den ståkande flokken hans:


Kven liknar du i din stordom?

3 Sjå på Assur,

ein seder på Libanon med vakre greiner,

ein skuggefull skog, høg av vokster.

Krona rakk opp mellom skyene.

4 Vatnet gjorde sederen stor,

han fekk sin vokster frå djupet,

derifrå gjekk straumane

rundt staden der han var planta,

derifrå rann bekkene

til alle tre på marka.

5 Difor vart han høgare

enn alle trea på marka.

Han fekk mange greiner,

kvistene vart lange

av vatnet som strøymde så rikt.

6 Alle slag fuglar under himmelen

bygde reir i greinene,

alle dyr på marka

fødde sine ungar under lauvverket,

og i skuggen av sederen

budde mange folkeslag.

7 Han var vakker og stor

med sine lange greiner,

for røtene fekk rikeleg med vatn.

8 Ingen seder i Guds hage

kunne måla seg med han,

ingen sypress hadde slike greiner,

ingen platan så rikt lauvverk.

Ikkje noko tre i Guds hage

var så fagert som han.

9 Så fager hadde eg gjort han,

med ein rikdom av greiner,

at alle Eden-tre i Guds hage

var misunnelege på han.


10 Difor seier Herren Gud:

Han vart høg av vokster,

strekte krona si opp mellom skyene

og vart hovmodig

fordi han var høg.

11 Difor gav eg han over

til hovdingen over folkeslaga,

så han kunne gripa inn mot han.

På grunn av uretten

dreiv eg han ut.

12 Framande, brutale folkeslag

hogg han ned og lét han liggja.

På fjella og ned i dalane fall greinene.

Kvistene låg knekte

i alle bekkefar på jorda.

Alle folk på jorda

som budde i skuggen hans,

braut opp og lét sederen liggja.

13 På den falne stammen

slo alle fuglar under himmelen seg ned,

til lauvverket kom alle dyr på marka.

14 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn,

veksa for høgt

og strekkja krona opp mellom skyene.

Ingen som syg vatn,

skal nå så høgt som dit.

For alle er gjevne døden i vald

i landet der nede,

mellom menneske som har gått i grav.


15 Så seier Herren Gud:

Den dagen sederen fór ned til dødsriket,

lét eg djupet sørgja over han og dekkja seg til.

Eg heldt straumane tilbake,

og vassmengdene vart borte.

Eg kledde Libanon i sørgjedrakt,

alle tre på marka tørka bort.

16 Eg fekk folkeslag til å skjelva

av braket då han fall,

då eg førte han ned til dødsriket,

til dei som har gått i grav.

Dei fann trøyst i landet der nede,

alle Eden-trea,

dei utvalde, dei beste på Libanon,

alle som syg til seg vatn.

17 Dei òg var farne ned til dødsriket saman med han,

ned til dei som var falne for sverd.

Og dei som hadde budd i skuggen hans,

vart sådde ut mellom folkeslaga.


18 Kven liknar du då mellom Eden-trea

i ære og stordom?

Du skal støytast ned

saman med Eden-trea

til landet der nede.

Der skal du liggja mellom uomskorne,

mellom dei som er drepne med sverd,

det er farao og heile den støyande flokken hans,

seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.