Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Esekiel

35

Edom skal bli ei øydemark

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, vend deg mot Se'ir-fjellet og tal profetord mot det! 3 Du skal seia til det:


Så seier Herren Gud:

Sjå, eg kjem mot deg, Se'ir-fjell,

eg lyfter handa mot deg

og gjer deg audt og øyde.

4 Byane dine legg eg i røys,

og sjølv skal du bli til øydemark.

Då skal du kjenna at eg er Herren.

5 Fordi du bar på gammal fiendskap,

overlét du israelittane til sverdet

då ulukka ramma dei,

då dei fekk si endelege straff.

6 Difor, så sant eg lever,

seier Herren Gud,

eg lèt deg blø,

og blod skal forfølgja deg.

Fordi du ikkje hata blod,

skal blod forfølgja deg.

7 Eg gjer Se'ir-fjellet audt og øyde,

eg ryddar ut dei som ferdast der.

8 Eg fyller Edoms fjell med drepne.

På alle haugar, i dalar og bekkefar

fell dei som blir drepne med sverd.

9 Eg gjer deg til evig øydemark,

byane dine skal liggja folketomme.

De skal kjenna at eg er Herren.


10 Du sa: «Dei to folka og dei to landa skal bli mine, vi tek dei sjølv om Herren er der.» 11 Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal gjera med deg slik du sjølv gjorde i din vreide og di misunning fordi du hata dei. Eg skal gje meg til kjenne mellom dei når eg dømmer deg. 12 Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Øydemark! Vi har fått dei til føde.» 13 De har vore store i munnen og nytta mange ord mot meg. Eg har høyrt det.

14 Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei øydemark. 15 Fordi du gledde deg då Israels eigedom vart lagd i øyde, gjer eg det same mot deg. Se'ir-fjellet og heile Edom skal bli ei øydemark. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.