Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

40

Synet av det nye tempelet

1 I det tjuefemte året etter at vi hadde gått i eksil, ved nyttår, på den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter at byen var teken, på nettopp denne dagen kom Herrens hand over meg og førte meg dit. 2 I syn frå Gud tok han meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det mot sør ein bygning som likna ein by. 3 Dit førte han meg.

Og sjå, ein mann, lik bronse å sjå til, stod i porten med linsnor og målestav i handa. 4 Mannen sa til meg: Menneske, sjå med auga og høyr med øyra og legg deg på hjartet alt det eg viser deg; for du er ført hit for å sjå. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels hus.

5 Sjå! Utanfor tempelet gjekk det ein mur på alle kantar. I handa hadde mannen ein målestav, seks alner lang, kvar alen ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han målte murverket. Det var éin målestav tjukt og éin målestav høgt.

6 Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp trappa og målte terskelen i porten: éin målestav brei. Den første terskelen var altså éin målestav brei. 7 Kvart siderom var éin målestav langt og éin målestav breitt. Mellom romma var det fem alner. Terskelen til porthallen som vende mot tempelet, var éin målestav. 8 Han målte porthallen som vende mot tempelet. Terskelen var altså éin målestav. 9 Han målte porthallen til åtte alner og pilarane til to alner. Porthallen vende inn mot tempelet. 10 Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Også pilarane på begge sider hadde same mål.

11 Han målte breidda på portopninga til ti alner og heile porten til tretten alner. 12 Framfor romma på kvar side var det rekkverk, kvart på ei alen. Og sideromma var på seks gonger seks alner. 13 Så målte han portrommet frå taket av det eine siderommet til taket av det andre. Avstanden var tjuefem alner. Døropningane vende mot kvarandre. 14 Han rekna porthallen. Han var tjue alner. Omkring porthallen låg føregarden. 15 Frå den ytre porten til inst i porthallen var det femti alner. 16 Omkring i heile portrommet var det tronge vindauge mellom pilarane i sideromma. Inne i porthallen var det òg vindauge overalt. Pilarane hadde palmeornament.

17 Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, der var det laga rom og lagt steinheller i heile føregarden. På steingolvet var det tretti rom. 18 Steingolvet ved portane nådde like langt ut til sidene som dei. Dette var det nedste steingolvet. 19 Han målte avstanden frå den ytre porten til den indre føregarden. Det var hundre alner i aust og nord.

20 Og porten til den ytre føregarden, som vender mot nord, målte han i lengda og breidda. 21 Sideromma, tre på kvar side, og pilarane og porthallen hadde dei same måla som i den første porten. Lengda var femti alner, og breidda var tjuefem alner. 22 Vindauga, porthallen og palmane der var like store som i porten mot aust. Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor. 23 Inn til den indre føregarden var det ein port rett imot nordporten, slik det var i aust òg. Frå port til port målte han hundre alner.

24 Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han målte pilarane og porthallen der. Dei hadde same mål som dei andre. 25 Det var vindauge i porten og porthallen overalt, og dei var som dei andre vindauga. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei. 26 Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side. 27 Til den indre føregarden var det ein port mot sør. Han målte avstanden frå port til port mot sør til hundre alner.

28 Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han målte sørporten, som hadde same mål som dei andre. 29 Sideromma, pilarane og porthallen der hadde same mål som dei andre. Det var vindauge overalt i porten og porthallen. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei. 30 Kvar porthall rundt om var tjuefem alner lang og fem alner brei. 31 Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament. Åtte trappesteg gjekk dit opp.

32 Han førte meg til den indre føregarden mot aust. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre. 33 Sideromma, pilarane og forhallen der hadde same mål som dei andre. Både porten og porthallen hadde vindauge overalt. Porthallen var femti alner lang og tjuefem alner brei. 34 Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.

35 Så førte han meg til porten i nord. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre. 36 Sideromma, pilarane og porthallen hadde dei same måla, og det var vindauge overalt. Lengda var femti alner og breidda tjuefem. 37 Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.

38 Det var eit rom der med inngang frå porthallen. Der skylde dei brennofferet. 39 I porthallen stod det to bord på kvar side til å slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet på. 40 På den eine sida, utanfor trappa til portopninga mot nord, stod det to bord. På den andre sida av porthallen stod det òg to bord. 41 Det var fire bord på kvar side i porten, i alt åtte bord. Der slakta dei. 42 Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein. Dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei slakta brennoffer og slaktoffer med. 43 Hyller som målte ei handsbreidd, var feste rundt omkring i bygningen. På borda la dei offerkjøtet.

44 I den indre føregarden, utanfor den indre porten, låg det to rom. Det eine låg ved nordporten, vendt mot sør. Det andre låg ved austporten, vendt mot nord. 45 Mannen sa til meg: «Dette rommet som vender mot sør, er for dei prestane som har tempelvakt. 46 Og rommet som vender mot nord, er for dei prestane som har altarteneste. Det er Sadok-sønene, dei av Levi-ætlingane som stig fram for Herren og tener han.»

47 Han målte føregarden; han var firkanta, hundre alner lang og hundre alner brei. Framfor tempelet stod altaret. 48 Så førte han meg til forhallen i tempelet og målte pilarane. Dei var fem alner på kvar side. Portopninga var tre alner på kvar side. 49 Forhallen var tjue alner lang og tolv alner brei. Ti trappesteg førte dit opp. Det stod søyler ved pilarane, ei på kvar side.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.