Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Esekiel

1

Esekiel blir kalla til profet

1 Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud.

2 På den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført – 3 kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der.

Esekiel får sjå Guds herlegdom

4 Eg såg, og sjå! – ein stormvind kom frå nord, ei veldig sky og ein logande eld. Om skya var det ein lysglans. Og ut frå midten blinka det som av skinande metall, ut frå elden. 5 Frå midt inni elden kom det noko som likna fire levande skapningar, og slik såg dei ut: Dei likna menneske. 6 Men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. 7 Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei skein som blankpussa bronse. 8 Dei hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle fire heldt andleta og vengene slik: 9 Vengene deira nådde i kvarandre. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Kvar av dei gjekk beint fram. 10 Framme likna andleta menneskeandlet. Til høgre hadde alle fire løveandlet, til venstre okseandlet og ørneandlet bak. 11 Slik såg andleta ut. Vengene var utspente ovanfrå, slik at to nådde borti kvarandre. Dei to andre vengene dekte kroppen. 12 Kvar av dei gjekk beint fram. Dit ånda førte dei, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

13 Dei som likna levande skapningar, såg ut som brennande kol, som faklar såg dei ut. Elden fór att og fram mellom dei. Det blinka og lynte av han. 14 Skapningane fór att og fram, det såg ut som lynet.

15 Eg såg på dei fire skapningane, og sjå! – det stod eit hjul på bakken attmed kvar av dei. 16 Hjula såg ut som dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var like. Det såg ut som dei var laga slik at det eine hjulet var inni det andre. 17 Dei kunne røra seg til alle fire sidene, men dei snudde seg ikkje når dei gjekk. 18 Hjula var høge og skremmande, og det var fullt av auge rundt om på alle dei fire hjulringane. 19 Når skapningane rørte seg, rørte også hjula seg attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg. 20 Dit ånda ville at dei skulle gå, dit gjekk dei. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula. 21 Dei gjekk når skapningane gjekk, og stansa når dei stansa. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.

22 Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Han var spent ut høgt over hovuda på dei og såg ut som is – skremmande. 23 Under kvelven strekte vengene seg ut mot kvarandre. Kvar skapning hadde to venger til, to venger som dekte kroppen. 24 Og eg høyrde lyden av vengene når dei rørte på seg. Det var som lyden av veldige vassmengder, som røysta til Den veldige. Bråket var som lyden av ein hær. Når dei stansa, senka dei vengene. 25 Det buldra frå kvelven over hovudet deira når dei stansa og senka vengene.

26 Over kvelven som var over hovudet på dei, var det noko som såg ut som safirstein og likna ein tronstol. Oppe på trona sat det ein som var lik eit menneske å sjå til. 27 Frå det som såg ut til å vera hoftene og oppover, såg eg noko som likna skinande metall med noko som såg ut som eld omkring. Og frå hoftene og nedover såg eg noko som såg ut som eld med ein lysglans omkring. 28 Lysglansen såg ut som bogen i skya ein regnvêrsdag. Det var dette Herrens herlegdom likna, slik såg han ut. Då eg fekk sjå det, kasta eg meg ned med andletet mot jorda, og eg høyrde røysta til ein som tala.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.