Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Esra

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Se film

Les mer om BibleProject.

Neste kapittel >

Kyros lèt judearane venda heim
1I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg:
        
 2 «Så seier Kyros, kongen av Persia:
         Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda.
 3 Kven av dykk høyrer til hans folk? Gud vere med dykk, kvar og ein! De kan fara opp til Jerusalem i Juda og byggja eit hus for Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem.  4 Alle som er att, kvar dei så held til som innflyttarar, skal få hjelp av dei som bur på staden. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan frivillige gåver til Guds hus i Jerusalem.»
        
 5 Då braut dei opp, leiarane for familiane i Juda og Benjamin, prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle dra opp og byggja Herrens hus i Jerusalem.  6 Alle grannane støtta dei med sølvkar og gull, gods, buskap og andre verdfulle ting. Dei kom òg med frivillige gåver.
   
 7 Kong Kyros lét henta tempelutstyret som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem, og som han hadde sett i huset til sin gud.  8 Kyros, kongen av Persia, overlét dei til skattmeisteren Mitredat, som talde dei opp og gav dei til Sjesjbassar, fyrsten i Juda.  9 Talet var: 30 gullskåler, 1000 sølvskåler og 29 andre skåler, 10 30 gullbeger, 410 doble sølvbeger og 1000 andre kar. 11 Til saman var det 5400 kar av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesjbassar med seg då dei bortførte fór opp frå Babel til Jerusalem.
Neste kapittel >

09. juni 2023

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”