Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' brev til galatarane

6

Ansvar for andre og for seg sjølv

1 Mine sysken, skulle nokon bli gripen i eit feilsteg, så må de som har Anden, hjelpa han til rette. Men gjer det audmjukt og pass deg sjølv, så ikkje du òg blir freista. 2 Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov. 3 Dei som trur dei er noko, sjølv om dei ingenting er, lurer seg sjølve. 4 Kvar og ein skal dømma om si eiga gjerning og få ros for det han sjølv gjer, ikkje for det andre har gjort. 5 For kvar skal bera si eiga bør. 6 Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. 7 Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. 8 Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden. 9 Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. 10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.

Sluttord

11 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk: 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar. 14 Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Alle som følgjer denne rettesnora – fred og miskunn vere med dei og med Guds Israel! 17 Heretter må ingen plaga meg meir, for eg ber Jesu merke på kroppen min. 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, mine sysken! Amen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.