Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
Neste kapittel > |
Helsing 1Paulus, apostel, ikkje utsend av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud, vår Far, som reiste han opp frå dei døde – 2 eg, Paulus, og alle syskena som er i lag med meg her, helsar forsamlingane i Galatia: 3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus, 4 han som gav seg sjølv for våre synder så han etter Gud, vår Fars vilje kunne fri oss ut frå den vonde tida vi no lever i. 5 Han vere ære i all æve! Amen. Berre eitt evangelium 6 Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han! Apostelkallet til Paulus 10 Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. 11 For eg kunngjer dykk, sysken: Det evangeliet eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. 12 Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg. 13 De har høyrt korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor hardt eg forfølgde Guds kyrkje og ville utrydda henne. 14 Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og brann endå sterkare av iver for overleveringane frå fedrane. 15 Men Gud, som valde meg ut allereie i mors liv og kalla meg ved sin nåde, ville i sin godleik 16 openberra sin Son for meg, så eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje nokon av kjøt og blod til råds. 17 Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus. 18 Først tre år seinare drog eg til Jerusalem for å få vita meir av Kefas, og eg vart verande hos han i fjorten dagar. 19 Nokon annan av apostlane trefte eg ikkje, utanom Jakob, Herrens bror. 20 Gud veit at det eg skriv til dykk, ikkje er løgn! 21 Sidan kom eg til Syria og Kilikia. 22 Forsamlingane i Judea, dei som er i Kristus, kjende meg ikkje personleg. 23 Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfølgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å utrydda. 24 Og dei lova Gud på grunn av meg. |
Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”