Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

1

Gud skaper verda

1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

6 Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så. 7 Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han. 8 Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

9 Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. 10 Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

11 Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så. 12 Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. 13 Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.

14 Då sa Gud: «Det skal verta ljos på himmelkvelven. Dei skal skilja mellom dag og natt og vera merke på høgtider, dagar og år. 15 Dei skal skina på kvelven og lysa ut over jorda.» Og det vart så. 16 Gud skapte dei to store ljosa, det største til å råda om dagen og det minste til å råda om natta, og stjernene. 17 Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa ut over jorda, 18 til å råda om dagen og natta og til å skilja ljoset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt. 19 Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

20 Då sa Gud: «Det skal yrja med liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.» 21 Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. 22 Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og fuglane skal aukast på jorda!» 23 Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.

24 Då sa Gud: «Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.» Og det vart så. 25 Gud skapte alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.

26 Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!» 29 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.