Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

19

Sodoma og Gomorra vert øydelagde

1 Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda 2 og sa: «Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! Så kan de stå tidleg opp i morgon og ta i veg att.» Dei svara: «Nei, vi vil vera ute på torget i natt.» 3 Men han nøydde dei så hardt at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit måltid for dei. Han baka usyrt brød, og dei åt.

4 Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, kvar einaste mann, og slo ring om huset. 5 Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få vår vilje med dei!»

6 Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg 7 og sa: «Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning! 8 Eg har to døtrer som ingen mann har vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de lyster. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, sidan dei har funne livd under mitt tak.» 9 Men dei ropa: «Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss,» sa dei, «og så gjev han seg til å vera domar! No skal vi fara verre åt med deg enn med dei.» Så gjekk dei hardt inn på mannen, på Lot. Dei storma mot døra og ville bryta henne sund. 10 Då rette mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra. 11 Og dei vildra synet på mennene utanfor husdøra, både på små og store; kor mykje dei streva, fann dei ikkje døra.

12 Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, anten versøner, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så skal du ta dei med deg bort herifrå. 13 For no skal vi øydeleggja denne staden, av di eit sterkt klagerop over folket har nått opp til Herren, og han har sendt oss for å øydeleggja byen.» 14 Då gjekk Lot ut og sa frå til versønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Stå opp og kom dykk bort frå denne staden,» sa han; «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men versønene trudde at han skjemta med dei.

15 Då det tok til å dagast, skunda englane på Lot og sa: «Stå opp, ta kona di og dei to døtrene dine som er her, så de ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort i denne byen!» 16 Men då han drygde, tok mennene både han og kona hans og dei to døtrene hans i handa og leidde han til ein trygg stad utanfor byen. For Herren ville spara han.

17 Då dei var utom byen komne, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stogga ikkje nokon stad på sletta! Røm til fjells; elles vert du riven bort!» 18 Men Lot svara: «Å nei, herre! 19 Tenaren din har då funne nåde hjå deg. Stor er den truskap du har vist meg med di du berga livet mitt. Men eg kan ikkje røma til fjells; for då kunne ulukka nå meg, så eg laut døy. 20 Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan røma dit; store staden er det ikkje. Kjære, lat meg få røma dit – han er då så liten – så eg kan berga livet!» 21 Då sa han: «Ja, eg gjer deg til viljes i dette òg; eg skal ikkje øydeleggja den byen du nemner. 22 Skunda deg og røm dit! For eg kan ingenting gjera før du er framkomen.» – Difor kallar dei den byen Soar.

23 Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar. 24 Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen. 25 Han øydela desse byane og heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka. 26 Men kona hans Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ein saltstein.

27 Tidleg om morgonen gjekk Abraham til den staden der han hadde stått framfor Herren. 28 Då han skoda ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, såg han at det valt røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn. 29 Så gjekk det til at Gud kom Abraham i hug då han øydela byane på sletta. Han leidde Lot midt ut or øydelegginga, som han sende over dei byane Lot hadde butt i.

Døtrene til Lot

30 Frå Soar fór Lot opp i fjellet og gav seg til der saman med dei to døtrene sine; for han torde ikkje verta verande i Soar. Så budde dei i ei fjellhole, han og dei to døtrene hans. 31 Då sa den eldste dottera til den yngste: «Far vår er gamal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan vera saman med oss på vanleg vis. 32 Kom, lat oss gje far vår vin å drikka og liggja med han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!» 33 Same kvelden skjenkte dei far sin vin, og den eldste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp. 34 Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr her, i natt låg eg med far. Lat oss gje han vin å drikka i kveld òg. Og gå så du inn og legg deg hjå han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!» 35 Dei skjenkte far sin vin den kvelden òg, og den yngste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp. 36 No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin. 37 Den eldste fekk ein son og kalla han Moab. Frå han er moabittane ætta, som finst den dag i dag. 38 Den yngste fekk òg ein son og kalla han Ben-Ammi. Frå han er ammonittane ætta, som finst den dag i dag.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.