Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

21

Isak vert fødd

1 Herren tok seg av Sara som han hadde sagt, og gjorde med henne det han hadde lova. 2 Sara vart med barn og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, på den tid Gud hadde nemnt for han. 3 Abraham kalla son sin, som han hadde fått med Sara, Isak. 4 Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre. 5 Abraham var hundre år gamal då han fekk sonen Isak.

6 Då sa Sara: «Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.» 7 Og ho heldt fram: «Kven skulle ha sagt til Abraham: Sara skal gje småborn bryst! Og så har eg fått ein son på hans gamle dagar.»

Hagar og Ismael

8 Isak voks opp, og mora vande han av. Abraham heldt eit stort gjestebod den dagen guten vart avvand. 9 Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fått med Abraham, dreiv gjøn med Isak. 10 Då sa ho til Abraham: «Du skal jaga den trælkvinna der og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son min, med Isak.» 11 Dette gjorde Abraham svært vondt for sonen skuld. 12 Men Gud sa til Abraham: «Ta deg ikkje nær av det som har hendt med guten og trælkvinna! Lyd Sara i alt det ho seier deg! For gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di. 13 Men sonen til trælkvinna vil eg òg gjera til eit folk, fordi han er din son.»

14 Morgonen etter tok Abraham brød og ei hit med vatn og gav det til Hagar. Han sette guten på ryggen hennar, og så sende han henne bort. Ho gav seg i veg, men villa seg bort i øydemarka ved Be'er-Sjeba. 15 Då vatnet traut i hita, kasta ho barnet inn under ein busk. 16 Og sjølv gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at guten døyr.» Medan ho sat der, tok guten til å gråta. 17 Gud høyrde at han gret. Då ropa Guds engel frå himmelen til Hagar og sa: «Kva er i vegen med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt guten gråta der han ligg. 18 Reis deg, ta han opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folk.» 19 Så opna Gud augo hennar, og ho fekk sjå ein brunn. Ho gjekk og fylte hita med vatn og lét guten drikka. 20 Og Gud var med guten. Han voks opp i øydemarka og vart bogeskyttar. 21 Han budde i Paran-øydemarka, og mor hans fann ei kone til han frå Egypt.

Abraham gjer pakt med Abimelek

22 På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer. 23 Sver no ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Liksom eg har gjort vel imot deg, skal du gjera vel imot meg og det landet du har fått tilhald i.» 24 Abraham svara: «Ja, det skal eg sverja på.»

25 Abraham kravde Abimelek til rekneskap for ein brunn som trælane åt Abimelek hadde rana til seg. 26 Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje sagt meg det, og eg har ikkje høyrt om det før i dag.» 27 Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med einannan. 28 Men Abraham sette sju av lamma for seg sjølve. 29 Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?» 30 Han svara: «Desse sju lamma skal du ha av meg; det skal vera eit vitnemål om at eg har grave denne brunnen.» 31 Difor kalla dei den staden Be'er-Sjeba; for der gjorde dei eiden, dei to. 32 Då dei hadde gjort pakt i Be'er-Sjeba, tok Abimelek og Pikol, hærføraren hans, ut og fór heim att til Filistarlandet. 33 Abraham planta ei tamariske i Be'er-Sjeba, og der kalla han på Herren, den evige Gud. 34 Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.