Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

24

Isak får Rebekka til kone

1 Abraham var no gamal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han i eitt og alt. 2 Då sa Abraham til den eldste trælen i huset, han som styrte med alt det han åtte: «Legg handa di i fanget mitt, 3 så vil eg ta deg i eid ved Herren, som er Gud i himmelen og på jorda, at du ikkje finn ei kone til son min mellom døtrene åt kanaanearane, som eg bur i lag med. 4 Men til mitt eige land og folk skal du fara og henta ei kone til Isak, son min.» 5 Trælen sa til han: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg hit til landet, skal eg då ta son din attende til det landet du er komen frå?» 6 Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min! 7 Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der. 8 Men vil ikkje jenta fylgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Far berre ikkje dit att med son min!» 9 Då la trælen handa si i fanget åt Abraham, herren sin, og svor på det.

10 Så tok han ti av kamelane åt husbonden sin og gav seg i veg, og alle slag gilde ting hadde han med frå herren sin. Han tok ut og kom til Mesopotamia, til byen der Nakor budde. 11 Han lét kamelane leggja seg ned attmed ein brunn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tid kvinnene plar gå ut og henta vatn. 12 Og han bad: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, lat det lukkast for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min! 13 No står eg her attmed kjelda medan dei unge jentene i byen kjem ut etter vatn. 14 Seier eg til ei jente: Halla på krukka di, så eg får drikka! og ho svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg òg gje vatn – lat det då vera henne du har etla til Isak, tenaren din! På det skal eg skjøna at du har gjort vel mot husbonden min.»

15 Før han var ferdig med bøna, bar det så til at Rebekka, dotter til Betuel, kom ut med ei krukke på aksla. Betuel var son til Milka og Nakor, bror åt Abraham. 16 Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda og fylte krukka. Då ho kom opp att, 17 sprang trælen imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!» 18 Ho svara: «Drikk, herre!» og ho skunda seg og tok krukka ned i handa og lét han drikka. 19 Då han hadde drukke seg utyrst, sa ho: «Eg skal henta vatn til kamelane dine òg, så dei kan sløkkja torsten.» 20 Og ho skunda seg og tømde krukka i troa. Så sprang ho bort til brunnen att etter vatn og brynte alle kamelane hans. 21 Mannen stod tagal og såg på henne. Han ville vita om Herren hadde late ferda hans lukkast eller ikkje.

22 Då kamelane hadde drukke, tok mannen fram ein gullring som vog ein halv sekel, og to armband av gull til henne; dei vog ti sekel. 23 Og han sa: «Kven si dotter er du? Kjære, sei meg det! Kan far din hysa oss i natt?» 24 Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka. 25 Vi har fullt opp av halm og fôr,» sa ho, «og husrom har vi òg.» 26 Då bøygde mannen seg til jorda, tilbad Herren 27 og sa: «Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, som ikkje har teke si miskunn og sin truskap frå husbonden min! Herren har ført meg rette vegen til frendane åt husbonden min.»

28 Jenta sprang heim til mor si og fortalde alt dette. 29 Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen attmed kjelda. 30 For då han fekk sjå ringen og armbanda som systera hadde på seg, og då han høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, gjekk han ut til mannen. Og sjå, der stod han hjå kamelane attmed kjelda. 31 Då sa Laban: «Kom inn, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har fjelga i huset og stelt til rom åt kamelane.» 32 Så gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane. Laban henta halm og fôr til dyra og vatn til mannen og dei som var med han, så dei kunne vaska føtene. 33 Så sette dei fram mat for han; men han sa: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har bore fram ærendet mitt.» Dei svara: «Sei fram!»

34 Då sa han: Eg er trælen åt Abraham. 35 Herren har storleg velsigna husbonden min, så han har vorte rik. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, trælar og trælkvinner, kamelar og esel. 36 Og Sara, kona åt husbonden min, har fått ein son på sine gamle dagar; og alt det han eig, har han gjeve sonen. 37 No har husbonden min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje finna ei kone til son min mellom dei unge jentene i Kanaan, det landet eg bur i. 38 Men til farshuset og folket mitt skal du fara og finna ei kone til son min.» 39 Då sa eg til husbonden min: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg?» 40 Han svara: «Eg har ferdast for Herrens åsyn. Han skal senda sin engel med deg og la ferda di lukkast, så du finn ei kone til son min i mitt eige folk og farshus. 41 Når du kjem til folket mitt, skal du vera løyst frå eiden du har svore meg. Jamvel om dei ikkje vil la deg få henne, skal du vera løyst frå eiden.» 42 Då eg kom til kjelda i dag, sa eg: «Herre, Gud åt Abraham, husbonden min! Gjev du må la ferda mi lukkast! 43 Her står eg attmed denne kjelda. Kjem det no ei ung jente ut etter vatn, vil eg seia til henne: Lat meg få litt vatn av krukka di! 44 Svarar ho då: Drikk du, og til kamelane dine skal eg òg henta vatn, så lat det vera den kvinna du, Herre, har etla til son åt husbonden min.» 45 Før eg var ferdig med bøna, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og auste opp vatn. Då sa eg til henne: «Kjære, lat meg få drikka!» 46 Ho skunda seg, tok krukka ned og sa: «Drikk du, og kamelane dine skal eg òg brynna.» Så drakk eg, og kamelane gav ho òg vatn. 47 «Kven si dotter er du?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og gullbanda på armane hennar. 48 Og eg bøygde meg til jorda og tilbad Herren. Eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, fordi han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne få dotter til brorson åt husbonden min til kone åt son hans. 49 Vil de no vera gode og trufaste mot husbonden min, så sei meg det! Og vil de ikkje, så sei meg det òg, så eg veit kva eg har å halda meg til!

50 Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten frå eller til. 51 Sjå, her har du Rebekka! Ta henne og far heim att! Lat son åt husbonden din få henne til kone, som Herren har sagt!» 52 Då trælen hans Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren. 53 Og han tok fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Til bror hennar og mor hennar hadde han òg dyre gåver. 54 Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der om natta.

Då dei stod opp om morgonen, sa han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!» 55 Men bror til Rebekka og mor hennar sa: «Lat jenta vera hjå oss ei tid, ti dagar eller så! Sidan kan ho fara.» 56 Då svara han: «Heft meg ikkje, no når Herren har late ferda mi lukkast! Lat meg få ta i veg og fara heim att til husbonden min!» 57 Dei sa: «Vi skal ropa på jenta og spørja henne sjølv.» 58 Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du fara med denne mannen?» Ho svara: «Ja, det vil eg.» 59 Då lét dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar fara saman med trælen åt Abraham og mennene hans. 60 Dei velsigna Rebekka og sa til henne:

«Kjære syster, gjev du må verta

til tusen gonger titusen!

Gjev dine etterkomarar må ta

borgene frå sine fiendar!»

61 Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde.

62 Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro'i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen. 63 I kveldinga tok Isak seg ein tur ut på marka. Då han såg opp, vart han brått var nokre kamelar som kom. 64 Og då Rebekka såg opp, fekk ho auga på Isak. Då sprang ho ned av kamelen 65 og sa til trælen: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Trælen svara: «Det er husbonden min.» Då tok ho sløret og hadde det for andletet. 66 Så fortalde trælen Isak alt det han hadde gjort. 67 Og Isak leidde Rebekka inn i teltet åt Sara, mor si. Han tok henne til kone og vart glad i henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mor si.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.