Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

25

Siste leveåra åt Abraham

1 Abraham tok seg ei kone att; ho heitte Ketura. 2 Med henne fekk han sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. 3 Joksjan fekk sønene Saba og Dedan; og sønene til Dedan var asjurarane, letusjarane og le'ummarane. 4 Sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda's. Alle desse var etterkomarar etter Ketura.

5 Abraham gav Isak alt det han åtte. 6 Men han gav òg gåver til dei sønene han hadde med fylgjekonene sine. Og medan han endå levde, lét han dei flytta bort frå Isak, son sin, og fara av stad, til eit land i aust.

7 Levetida hans Abraham vart 175 år. 8 Så anda han ut. Abraham døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og han fór til folket sitt. 9 Sønene hans, Isak og Ismael, gravla han i Makpela-hola, på jordet åt hetitten Efron, son til Sohar, austanfor Mamre, 10 det jordet som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart han gravlagd saman med Sara, kona si. 11 Og då Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande attmed Lakai-Ro'i-brunnen.

Ismael-ætta

12 Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara. 13 Dette er namna på Ismael-sønene, nemnde i den rekkjefylgje dei vart fødde i: Nebajot, eldste son til Ismael, Kedar, Adbe'el, Mibsam, 14 Misjma, Duma, Massa, 15 Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma. 16 Dette var Ismael-sønene; og det er namna på dei som bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar og ættene deira.

17 Levetida åt Ismael vart 137 år. Så anda han ut. Han døydde og fór til folket sitt. 18 Ismaelittane hadde bustadene sine mellom Havila og Sjur, som ligg austanfor Egypt, der vegen går til Assyria. Beint framfor alle brørne sine slo han seg ned.

Esau og Jakob vert fødde

19 Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak. 20 Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban. 21 Isak bad til Herren for kona si; for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn. 22 Men då fostera støytte til kvarandre i livet hennar, sa ho: «Når så er, kvifor har då dette hendt meg?» Og ho gjekk og spurde Herren til råds. 23 Herren sa til henne:

«To folkeslag er det i livet ditt,

to folk skal skiljast alt frå mors liv.

Det eine vert sterkare enn det andre,

den eldste skal tena den yngste.»

24 Då tida kom at ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i livet hennar. 25 Den som kom fyrst, var raud, og loden som ein fell over heile kroppen. Han kalla dei Esau. 26 Så kom broren; og han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gamal då dei vart fødde.

Esau og Jakob

27 Då gutane voks opp, vart Esau ein glup jeger, som heldt til i skog og mark. Jakob var ein fredeleg kar, som budde i telt. 28 Isak heldt mest av Esau, for han ville gjerne ha vilt; men Rebekka var gladast i Jakob.

29 Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten. 30 Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom. 31 Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!» 32 Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?» 33 Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob. 34 Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.