Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

29

Jakob kjem til Laban

1 Så tok Jakob ut att og kom til det landet der austmennene budde. 2 Då fekk han auga på ein brunn uti marka og tre saueflokkar som låg attmed han; for av den brunnen gav dei buskapen vatn. Men over brunnen låg det ein stor stein. 3 Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen av brunnen og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att. 4 Jakob spurde: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Karan,» sa dei. 5 Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nakor?» Dei svara: «Ja, det gjer vi.» 6 «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det,» svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!» 7 Då sa han: «Sola står enno høgt. Det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå så og gjæt!» 8 «Nei,» svara dei, «det kan vi ikkje før alle flokkane er samla, og gjætarane har velt steinen av brunnen. Då skal vi gje småfeet vatn.»

9 Medan han endå stod og tala med dei, kom Rakel med buskapen åt faren; for det var ho som gjætte. 10 Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til Laban, morbror sin, og småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen av brunnen og lét buskapen til morbroren få drikka. 11 Så kyste han Rakel, og gråten tok han. 12 Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og sa dette til far sin. 13 Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane kring han, kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt. 14 Då sa Laban til han: «Sanneleg er vi same folket!» Så vart Jakob verande hjå han ein månads tid

Jakob og Rakel

15 Ein dag sa Laban til Jakob: «Du skal då ikkje tena hjå meg for inkje, fordi om du er frenden min. Sei ifrå kva du vil ha i løn!» 16 No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel. 17 Lea hadde milde augo, men Rakel var velskapt og ven. 18 Og Jakob hadde fått Rakel kjær. Difor sa han: «Eg skal tena hjå deg i sju år for Rakel, den yngste dottera di.» 19 Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein framand mann. Ver du hjå meg!» 20 Så tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åra tykte han var som nokre få dagar, så glad var han i henne.

21 Jakob sa til Laban: «Lat meg no få kona mi! For tida mi er ute, og eg vil flytta saman med henne.» 22 Då bad Laban i hop alt folket der på staden og heldt gjestebod. 23 Men om kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde til Jakob; og han sov med henne. 24 Laban lét henne få Silpa, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Lea, dotter hans. 25 Men då morgonen kom, sjå, då var det Lea! Jakob sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Det var då for Rakel eg tente hjå deg. Kvifor har du svike meg?» 26 Laban svara: «Det er ikkje skikk her hjå oss å gifta bort den yngste før den eldste. 27 Lat bryllaupsveka hennar gå til ende, så skal eg gje deg den andre òg, dersom du vil tena hjå meg i sju år til!» 28 Jakob så gjorde. Han heldt bryllaup med henne veka ut. Så gav Laban han Rakel, dotter si, til kone. 29 Og Laban lét henne få Bilha, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Rakel, dotter hans. 30 Så sov Jakob med Rakel òg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han hjå Laban i sju år til.

Jakobs-sønene

31 Då Herren såg at Lea vart vanvørd, opna han morslivet hennar; men Rakel fekk ikkje born. 32 Lea vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Ruben. «For Herren har sett mi naud,» sa ho; «no kjem mannen min til å halda av meg.» 33 Og ho vart med barn ein gong til og fekk ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg vart vanvørd, og no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simeon. 34 Sidan vart ho med barn att og fekk ein son. Då sa ho: «No må då mannen min halda seg til meg, sidan han har fått tre søner med meg.» Så kalla ho han Levi. 35 Endå ein gong vart ho med barn og fekk ein son. Då sa ho: «No vil eg prisa Herren.» Difor kalla ho han Juda. Så fekk ho ikkje fleire born då.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.