Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Mosebok

31

Jakob rømmer frå Laban

1 Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Jakob har teke alt det far vår eigde. Denne rikdomen har han skaffa seg av det som høyrde far vår til.» 2 Jakob såg på andletet til Laban at han ikkje var den same mot han som før. 3 Då sa Herren til Jakob: «Dra tilbake til fedrelandet ditt og slekta di. Eg skal vera med deg.»

4 Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marka der han var med buskapen sin. 5 Han sa til dei: Eg ser på andletet til far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud til far min har vore med meg. 6 De veit at eg har arbeidd for far dykkar av all mi kraft. 7 Og så har han snytt meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud har ikkje late han gjera meg noko vondt. 8 Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen stripete ungar. 9 Slik tok Gud buskapen frå far dykkar og gav han til meg. 10 I paringstida til småfeet hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som para seg med småfeet, var stripete, flekkete og droplete. 11 Og i draumen sa Guds engel til meg: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.» 12 Då sa han: «Lyft auga, så skal du sjå at bukkane som parar seg med småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett alt det Laban har gjort mot deg. 13 Eg er Gud frå Betel, der du salva ei steinstøtte og gav meg ein lovnad. Stå no opp og dra bort frå dette landet, og vend attende til landet der du er fødd!»

14 Då svara Rakel og Lea: «Har vi enno arv og del i huset til far vår? 15 Reknar han oss ikkje for framande? Han har då selt oss og brukt opp summen han fekk for oss. 16 For all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud seier du skal gjera!»

17 Så gjorde Jakob seg ferdig og sette konene og borna sine opp på kamelane. 18 Han førte med seg heile buskapen sin, den han hadde skaffa seg i Paddan-Aram, og alle eigedelane han hadde samla. Han ville dra til Isak, far sin, i landet Kanaan.

19 Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren. 20 Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma. 21 Så rømde han med alt det han eigde. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.

Laban følgjer etter Jakob

22 Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt. 23 Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet. 24 Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!»

25 Då Laban nådde fram til Jakob, hadde han slege teltet sitt opp på fjellet. Laban og slektningane hans slo òg leir på Gilead-fjellet. 26 Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført døtrene mine bort som om dei var krigsfangar. 27 Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du ingen ting til meg så eg kunne sendt deg av garde med glede og med song, med handtromme og lyre? 28 Du lét meg ikkje eingong få kyssa barneborna og døtrene mine. No har du bore deg uvitug åt. 29 Det står i mi makt å gjera dykk vondt. Men Gud til far dykkar sa til meg i natt: ‘Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!’ 30 No har du altså reist fordi du lengta så etter farsslekta di. Men kvifor stal du gudane mine?»

31 Jakob svara Laban: «Eg var redd. Eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt. 32 Men den du finn gudane dine hos, skal mista livet. Her framfor slektningane våre kan du sjølv sjå etter kva eg har med meg, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei.

33 Laban gjekk inn i teltet til Jakob og i telta til Lea og dei to slavekvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut av teltet til Lea og inn i teltet til Rakel. 34 Rakel hadde teke terafane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban saumfór heile teltet, men fann ingen ting. 35 Då sa Rakel til far sin: «Herren min må ikkje bli sint, men eg kan ikkje reisa meg for deg, for eg har det på kvinners vis.» Så leita han, men terafane fann han ikkje.

36 Då vart Jakob sint og kom med klagemål mot Laban. Han sa til han: «Kva gale har eg gjort, eller kva for ei synd, sidan du forfølgjer meg slik? 37 Du har saumfare alt det eg eig. Kva fann du som høyrer til ditt hus? Legg det fram her, framfor mine og dine slektningar, så dei kan dømma mellom oss to! 38 No har eg vore hos deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri fødd for tidleg, og vêrane i flokken din har eg ikkje ete. 39 Eg kom ikkje til deg med dyr som var ihelrivne, men bar tapet sjølv. Var noko stole, kravde de skadebot av meg, anten det var stole om dagen eller om natta. 40 Heten tærte meg opp om dagen og kulden om natta, og søvnen flykta frå auga mine. 41 I tjue år har eg vore i ditt hus. Fjorten år har eg arbeidd for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt, og ti gonger har du endra løna mi. 42 Hadde ikkje Gud til far min vore med meg, han som er Abrahams Gud og Redsla til Isak, då hadde du sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og slitet hendene mine har hatt, og i natt felte han sin dom.»

43 Laban svara Jakob: «Døtrene er mine døtrer, borna er mine born, og buskapen er min buskap. Alt det du ser, er mitt. Kva kan eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått? 44 Lat oss no gjera ei pakt, du og eg! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»

Jakob og Laban gjer pakt

45 Då tok Jakob ein stein og reiste han som ei støtte. 46 Og han sa til slektningane sine: «Sank i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys, og dei heldt måltid der ved røysa. 47 Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed. 48 Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed 49 og Mispa, for han sa: « Herren skal halda auge med meg og deg når vi ikkje lenger ser kvarandre. 50 Om du audmjukar døtrene mine eller tek deg andre koner ved sida av dei, då skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg om det ikkje er eit menneske til stades.» 51 Då sa Laban til Jakob: «Sjå denne steinrøysa og støtta som eg har reist mellom meg og deg! 52 Denne røysa skal vera vitne, og støtta skal vera vitne: Eg skal ikkje dra framom denne røysa på veg mot deg, og du skal ikkje dra framom røysa eller støtta på veg mot meg for å gjera noko vondt. 53 Abrahams Gud og Nahors Gud, Gud til far deira, skal dømma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla til Isak, far sin. 54 Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad slektningane sine til måltid. Dei åt og vart verande på fjellet natta over.

55 Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så drog Laban heim att.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.