Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

35

Jakob i Betel

1 Gud sa til Jakob: «Gjer deg ferdig, far opp til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.» 2 Då sa Jakob til husfolket sitt og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hjå dykk, reinsa dykk og skift klede! 3 Så skal vi ta ut og fara til Betel. Der vil eg byggja eit altar for Gud, som høyrde bøna mi den gongen eg var i fare, og som var med meg på ferda mi.» 4 Då lét dei Jakob få alle dei framande gudane dei hadde hjå seg, og ringane som dei hadde i øyro. Og Jakob grov det ned under den eika som står bortmed Sikem. 5 Så tok dei ut, og ei redsle frå Gud kom over byane der ikring, så ingen sette etter Jakobs-sønene.

6 Jakob kom til Lus i Kanaan – no heiter staden Betel – både han og alt folket som var med han. 7 Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel; for der hadde Gud synt seg for han då han rømde for bror sin. 8 Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart gravlagd nedanfor Betel, under den store eika; den kalla dei Gråte-eika.

9 Endå ein gong synte Gud seg for Jakob, etter at han var komen heim frå Mesopotamia, og velsigna han. 10 Og Gud sa til han:

«No heiter du Jakob.

Men du skal ikkje lenger heita Jakob;

Israel skal namnet ditt vera.»

Såleis fekk han namnet Israel. 11 Og Gud sa til han:

«Eg er Gud Den Allmektige.

Du skal veksa og aukast!

Eit folk, ja, mange folkeslag

skal ættast frå deg,

og kongar skal ha sitt opphav i deg.

12 Og det landet som eg gav

Abraham og Isak,

det gjev eg deg

og ætta di etter deg.»

13 Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han. 14 Jakob reiste ein minnestein der Gud hadde tala med han. Og han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han. 15 Og Jakob kalla den staden der Gud hadde tala med han, Betel.

Rakel døyr

16 Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fekk Rakel eit barn. Det var ei hard fødsle. 17 Medan ho låg i hardaste riene, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! Denne gongen òg får du ein son.» 18 Med det same ho anda ut – for det kosta henne livet – kalla ho han Ben'oni. Men faren gav han namnet Benjamin. 19 Rakel døydde og vart gravlagd attmed vegen til Efrat, det er Betlehem. 20 Og Jakob reiste ein minnestein på grava hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel, som står der den dag i dag.

21 Så tok Israel ut att og sette opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder. 22 Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk stad og låg med Bilha, fylgjekona åt far sin. Og Israel fekk vita det.

Jakobs-sønene. Isak døyr

Jakob hadde tolv søner. 23 Sønene til Lea var Ruben, eldste son til Jakob, Simeon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon. 24 Sønene til Rakel var Josef og Benjamin. 25 Sønene til Bilha, trælkvinna åt Rakel, var Dan og Naftali. 26 Og sønene til Silpa, trælkvinna åt Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Mesopotamia.

27 Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til. 28 Levetida hans Isak vart 180 år. 29 Så drog Isak sitt siste andedrag og døydde. Han fór til folket sitt, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, gravla han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.