Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

39

Josef hjå Potifar

1 Josef vart ført ned til Egypt. Og Potifar, ein egyptar som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta, kjøpte han av ismaelittane, som hadde hatt han med seg dit. 2 Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel. Han vart verande i huset hjå den egyptiske husbonden sin. 3 Og då husbonden såg at Herren var med han og lét alt det han gjorde, lukkast, 4 vann Josef godvilje hjå han og fekk vera tenaren hans. Potifar sette han til å styra huset sitt og ha tilsyn med alt det han åtte. 5 Og frå den tid egyptaren hadde sett han over huset sitt og over heile eigedomen sin, velsigna Herren huset hans for Josef skuld. Herrens velsigning kvilte over alt det han hadde, både i huset og på marka. 6 Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt.

Josef var både velvaksen og ven. 7 Og då det leid av ei tid, hende det at kona åt husbonden kasta augo sine på han. «Kom og ligg med meg!» sa ho. 8 Men han ville ikkje og sa til henne: «Når eg er her, treng ikkje husbonden min syta for noko i huset. Han har gjeve meg tilsyn med alt det han eig. 9 Han har ikkje meir å seia her i huset enn eg, og har ikkje nekta meg nokon ting utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då gjera så stygg ei gjerning og synda mot Gud?» 10 Endå ho tala til Josef dag etter dag, gjekk han ikkje med på å liggja med henne og vera i hop med henne.

11 Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Det var ingen inne av dei som høyrde huset til. 12 Då greip ho han i kappa og sa: «Kom og ligg med meg!» Men han sleppte kappa og rømde ut or huset. 13 Då ho såg at han hadde rømt frå både henne og kappa, 14 ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: «No kan de sjå! Mannen min har drege inn i huset ein hebrear, som fer og fjasar med oss. Han kom inn og ville liggja med meg; men eg ropa så høgt eg kunne. 15 Og då han høyrde at eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»

16 Så lét ho kappa liggja der til husbonden kom heim. 17 Då sa ho det same til han: «Den hebraiske trælen som du har drege inn i huset til oss, kom inn til meg og var nærgåande. 18 Men då eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»

Josef i fengsel

19 Då husbonden åt Josef høyrde kva kona hans fortalde – «så og så har trælen din fare åt mot meg,» sa ho – vart han brennande harm. 20 Han tok Josef og kasta han i fengsel, der fangane åt kongen sat i lekkjer.

No vart Josef sitjande der i fengslet. 21 Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han. 22 Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han. 23 Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.