Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Josef tyder draumane til hoffmennene
40Ei tid etter hende det at munnskjenken og bakaren til kongen i Egypt fornærma herren sin, kongen i Egypt.  2 Farao vart sint på dei to hoffmennene sine, overmunnskjenken og bakarmeisteren.  3 Han sette dei i forvaring hos sjefen for livvakta, i fengselet der Josef var fange.  4 Sjefen for livvakta sette Josef til å sjå etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring.
   
 5 Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding.  6 Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han at dei var nedtrykte.  7 Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de så triste andlet i dag?»  8 Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» Då sa Josef til dei: «Høyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!»
   
 9 Så fortalde overmunnskjenken draumen sin til Josef. Han sa: «Sjå, i draumen min stod ein vinstokk framfor meg. 10 Det var tre greiner på han. Så snart han tok til å skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer. 11 Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.» 12 Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans. 14 Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset. 15 For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»
   
16 Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet. 17 I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.» 18 Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar. 19 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.»
   
20 Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt farao eit festmåltid for alle tenarane sine. Då lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine. 21 Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, så han fekk gje farao begeret, 22 men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei. 23 Men overmunnskjenken hugsa ikkje på Josef; han gløymde han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

01. april 2023

Dagens bibelord

Matteus 26,10–13

Les i nettbibelen

10Men Jesus merket det og sa til dem: «Hvorfor plager dere henne? Hun har gjort en god gjerning mot meg. 11De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid. 12Da hun helte denne salven ut over kroppen min, salvet hun meg til min gravferd. ... Vis hele teksten

10Men Jesus merket det og sa til dem: «Hvorfor plager dere henne? Hun har gjort en god gjerning mot meg. 11De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid. 12Da hun helte denne salven ut over kroppen min, salvet hun meg til min gravferd. 13Sannelig, jeg sier dere: Overalt i verden hvor dette evangeliet blir forkynt, skal også det hun gjorde, fortelles til minne om henne.»

Dagens bibelord

Matteus 26,10–13

Les i nettbibelen

10Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. 12Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi. ... Vis hele teksten

10Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. 12Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi. 13Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

Dagens bibelord

Matteus 26,10–13

Les i nettbibelen

10Jesus fuobmái dan ja celkkii sidjiide: “Manne dii vuorjabehtet su? Son lea dahkan munnje buori dagu. 11Geafit leat álo din luhtte, muhto mun in leat álo din luhtte. 12Go son vuoiddai mu, de son dagai dan mu hávdádeami várás. ... Vis hele teksten

10Jesus fuobmái dan ja celkkii sidjiide: “Manne dii vuorjabehtet su? Son lea dahkan munnje buori dagu. 11Geafit leat álo din luhtte, muhto mun in leat álo din luhtte. 12Go son vuoiddai mu, de son dagai dan mu hávdádeami várás. 13Duođaid, mun cealkkán didjiide: Oppa máilmmis, gos ihkinassii evangelium sárdniduvvo, doppe sii muitalit maid son dagai ja muitet su.”