Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

48

Jakob velsignar sønene åt Josef

1 Ei tid etter kom dei til Josef og sa: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim. 2 Og Jakob fekk bod om at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde han seg sterk og sette seg opp i senga. 3 Jakob sa til Josef: Gud Den Allmektige synte seg for meg i Lus i Kanaan. Han velsigna meg 4 og sa til meg: «Eg vil la deg veksa og aukast og gjera deg til ei samling med ætter. Og eg vil gje etterkomarane dine dette landet til eige for alle tider.» 5 Dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit til deg, dei skal no vera mine. Efraim og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon. 6 Men dei borna du sidan har fått, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei kjem til å arva. 7 Då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferda. Det hende i Kanaan, då vi endå hadde eit stykke att til Efrat. Og eg gravla henne der attmed vegen til Efrat – det er Betlehem.

8 Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?» 9 Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!» 10 Men augo hans Israel var dimme av alder; han kunne mest ikkje sjå. Difor leidde Josef gutane bort til han, og han kyste dei og slo armane kring dei. 11 Og Israel sa til Josef: «Eg hadde ikkje trutt eg skulle sjå deg meir, og no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!» 12 Så tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg til jorda for han.

13 Sidan tok Josef begge i handa, Efraim i den høgre, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre, til høgre for Israel, og leidde dei fram til han. 14 Men Israel rette ut høgre handa og la henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste, og venstre handa la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han armane i kross; for Manasse var eldst. 15 Så velsigna han Josef og sa:

«Fedrane mine, Abraham og Isak,

ferdast for Guds åsyn.

Den Gud som var min hyrding

frå eg vart fødd til denne dag,

16 engelen som løyste meg ut frå alt vondt,

han velsigne gutane:

I dei skal namnet mitt leva vidare,

og namnet åt Abraham og Isak, fedrane mine.

Gjev dei må verta mange i landet!»

17 Då Josef såg at faren la høgre handa på hovudet åt Efraim, mislika han det. Han tok handa åt far sin og ville flytta henne frå hovudet hans Efraim bort på hovudet hans Manasse. 18 «Ikkje så, far!» sa Josef til far sin. «For denne er eldst. Legg høgre handa på hans hovud!» 19 Men det ville ikkje faren. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han òg skal verta til eit folk, han òg skal verta stor. Men bror hans, som er yngre, skal verta større, og hans ætt skal verta til ei mengd med folk.» 20 Så velsigna han dei den dagen og sa:

«Når Israel vil velsigna,

skal dei nemna dykk og seia:

Gud gjere deg som Efraim og Manasse!»

Han sette Efraim føre Manasse.

21 Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk attende til landet åt fedrane dykkar. 22 Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine; den har eg teke frå amorittane med sverd og boge.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.