Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

49

Jakob velsignar sønene sine

1 Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg forkynna dykk kva som skal henda dykk langt fram i tidene:


2 Kom saman og høyr, de Jakobs søner,

høyr på Israel, far dykkar!


3 Ruben, min eldste son er du,

mi kraft og den fyrste frukt av min manndom;

høgst i vørdnad, størst i velde.

4 Du brusar over som vatnet,

men du skal ingen føremon ha.

For du steig opp i senga åt far din,

då vanæra du henne – du låg på mi lege.


5 Simeon og Levi er brør.

Valdsvåpen er deira sverd.

6 Eg vil ikkje møta i deira råd,

vil ikkje vera med i deira samkomer.

For i sinne slo dei menner i hel,

og sjølvrådig skamskar dei oksar.

7 Forbanna vere ein harme så strid,

eit sinne så veldig som deira!

Eg vil sprengja dei sund i Jakob

og spreia dei ut over Israel.


8 Juda, deg prisar brørne dine;

handa di tek fiendane i nakken,

sønene åt far din bøyer seg for deg.

9 Ein løveunge er Juda!

Frå rov er du komen heim, son min.

Han legg seg ned og strekkjer seg som ei løve,

som ei løvemor – kven vågar å vekkja han?

10 Ikkje skal kongespir vika frå Juda

eller styrarstaven frå føtene hans,

til den rette kongen kjem,

han som folka skal lyda.

11 Han bind sitt esel i vintreet,

sin fole i den edle ranka.

Han vaskar sin klednad i vin,

sin kjortel i drueblod.

12 Hans augo er mørkare enn vin,

hans tenner kvitare enn mjølk.


13 Sebulon bur utmed havsens kyst,

utmed stranda der skutene landar,

med ryggen vend mot Sidon.


14 Jissakar er eit sterkbygt esel

som ligg mellom kløvkorgene.

15 Han såg at det var godt å kvila,

og at landet var fagert.

Då bøygde han nakken under børa

og vart ein ufri træl.


16 Dan skal døma sitt folk,

han som dei andre Israels-ættene.

17 Dan skal vera ein orm på vegen,

ein hoggorm attmed stigen;

han høgg hesten i hælane,

så ryttaren ryk på ryggen.

18 – Eg ventar på di frelse, Herre.


19 Røvarflokkar ryk på Gad,

men han driv dei på flòg.


20 Feit er føda hans Asjer,

han set fram kongelege retter.


21 Naftali er ei hind som spring fritt;

han talar fagre ord.


22 Josef er eit ungt frukttre,

eit ungt frukttre attmed kjelda;

greinene kliv opp etter muren.

23 Bogeskyttarane eggja han,

dei skaut og sette etter han.

24 Men bogen hans er fast og sterk,

leduge er hans armar og hender.

Han får hjelp av Jakobs Veldige,

av han som er hyrdingen, Israels Berg,

25 av Gud åt far din – han hjelpe deg,

Gud Den Allmektige – han signe deg

med signing frå himmelen der oppe,

med signing frå havdjupet der nede,

med signing frå bryst og morsliv.

26 Velsigningane åt far din er rikare

enn velsigningane frå dei eldgamle fjell,

enn herlegdomen åt dei evige høgder.

Lat dei koma over Josefs hovud,

over krona på han

som er hovding mellom sine brør.


27 Benjamin er ein rovhuga ulv.

Om morgonen et han ran,

om kvelden skifter han hærfang.


28 Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet. Og dette sa far deira til dei då han velsigna dei. Kvar av dei fekk si eiga velsigning.

Jakob døyr og vert gravlagd

29 Så sa Jakob til sønene sine: «No fer eg til folket mitt. Gravlegg meg då hjå fedrane mine i hola på jordet åt hetitten Efron. 30 Det er den hola som er på Makpela-jordet, austanfor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron til eigande gravstad. 31 Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. 32 Både jordet og hola der var kjøpte av hetittane.»

33 Då Jakob hadde gjeve desse føresegnene til sønene sine, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og fór til folket sitt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.