Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

50 1 Då kasta Josef seg ned over andletet åt far sin, gret og kyste han. 2 Og Josef bad dei lækjarane han hadde i si teneste, å balsamera faren; og lækjarane balsamerte Israel. 3 Førti dagar gjekk med til det; for så lang tid tek det å balsamera eit lik. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.

4 Då syrgjetida var ute, sa Josef til hoff-folket åt farao: «Har de godvilje for meg, så tal mi sak hjå farao og sei: 5 Far min tok ein eid av meg og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg lét grava åt meg i Kanaan. Lat meg difor fara opp og gravleggja far min, og så koma hit att!» 6 Farao sa: «Far berre opp og gravlegg far din, som du har lova han!»

7 Så fór Josef av stad og skulle gravleggja far sin. Og saman med han fór alle mennene åt farao, både dei øvste i huset hans og alle stormennene i Egypt, 8 heile huslyden åt Josef og brørne hans og husfolket åt faren. Berre dei små borna og småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen. 9 Dei hadde med seg vogner og hestfolk i mengd, så det vart eit stort fylgje.

10 Då dei kom til Goren-Ha'atad, på hi sida av Jordan, heldt dei ei stor og verdig syrgjehøgtid der. Josef heldt lik-klage over far sin i sju dagar. 11 Då kanaanearane som budde i landet, såg korleis dei syrgde og klaga i Goren-Ha'atad, sa dei: «Det er ei verdig syrgjehøgtid egyptarane held her.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på hi sida av Jordan.

12 Sønene gjorde med Jakob som han hadde sagt dei føre. 13 Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad. 14 Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han attende til Egypt, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han opp og gravlagt far hans.

Josef tilgjev brørne sine

15 Då brørne åt Josef såg at far deira var borte, sa dei: «Berre Josef ikkje legg oss for hat og lèt oss bøta for alt det vonde vi har gjort mot han!» 16 Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din bad oss før han døydde, 17 at vi skulle bera fram dette bodet til deg: Kjære, tilgjev brørne dine det brotet og den synda dei gjorde, då dei fór så stygt med deg! Så tilgjev oss no brotet vårt! Vi tener då same Gud som far din.» Josef gret då dei tala såleis til han.

18 Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han. «Her kjem vi og vil vera tenarane dine,» sa dei. 19 Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad? 20 De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode. For han ville gjera det som no har hendt, og berga mange menneske. 21 Ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Såleis trøysta han dei og tala blidt til dei.

Siste leveåra åt Josef

22 Josef vart buande i Egypt, både han og farsætta hans. Han vart 110 år gamal. 23 Josef fekk sjå borna hans Efraim i tredje leden. Og borna åt Makir, son til Manasse, vart fødde på knea hans.

24 Josef sa ti brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud vil ta seg av dykk og føra dykk ut or dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jacob.» 25 Så tok Josef ein eid av Israels-sønene og sa: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de føra beina mine med herifrå.» 26 Og Josef døydde 110 år gamal. Dei balsamerte han og la han i kiste i Egypt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.