Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Storflaumen 7Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For du er den einaste eg i denne tid har sett som er rettferdig for meg. 2 Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho saman, og av alle dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho saman, 3 og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, for å halda kvar art på heile jorda i live. 4 For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.» 5 Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han. 6 Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda. 7 Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen. 8 Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka, 9 kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah. 10 Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda. 11 I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg. 12 Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter. 13 Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans, 14 både dei og alle slag ville dyr, alt slag fe, alle slag kryp som det kryr av på jorda, og alle slag fuglar, alt som har venger til å flyga med. 15 Dei kom inn til Noah i arka, to og to av alt som er av kjøt og blod, alt som har livsande i seg. 16 Dei som kom, hann og ho av alt som er av kjøt og blod, gjekk inn slik Gud hadde pålagt Noah. Og Herren lèt att etter han. 17 Då kom storflaumen over jorda i førti dagar. Vatnet steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. 18 Vatnet fløymde og steig høgt over jorda, og arka dreiv omkring på vatnet. 19 Veldig og mektig fløymde vatnet over jorda og gøymde alle høge fjell under himmelen. 20 Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde. 21 Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska. 22 Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. 23 Han utsletta alt som fanst på jorda, frå folk til fe, kryp og fuglar under himmelen, alt vart utsletta frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24 Og vatnet fløymde over jorda i 150 dagar. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
30. mai 2023
14Stå da fast! Spenn sannhetens belte rundt livet og kle dere i rettferdighetens brynje, 15stå klar med fredens evangelium som sko på føttene. 16Hold alltid troens skjold høyt! Med det kan dere slukke alle den ondes brennende piler. ... Vis hele teksten
14Stå da fast! Spenn sannhetens belte rundt livet og kle dere i rettferdighetens brynje, 15stå klar med fredens evangelium som sko på føttene. 16Hold alltid troens skjold høyt! Med det kan dere slukke alle den ondes brennende piler. 17Ta imot frelsens hjelm og Åndens sverd, som er Guds ord. 18Gjør dette i bønn, og legg alt fram for Gud! Be alltid i Ånden! Våk og hold ut i bønn for alle de hellige, 19også for meg. Be om at de rette ordene må bli gitt meg når jeg skal tale, så jeg frimodig kan gjøre evangeliets mysterium kjent, 20det som jeg er sendebud for også mens jeg er i lenker. Be om at jeg ved evangeliet får frimodighet til å tale slik jeg skal.
14Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. ... Vis hele teksten
14Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet, 20det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
14De bissot nanusin, boahkánastet iežadet duohtavuođain ja gárvodehket vanhurskkisvuođa ruovdegárvvu 15ja gámahehket julggiid geargatvuođain sárdnidit ráfi evangeliuma. 16Dollet álo oskku galbba mainna nagodehpet čáskadit bahágasa buolli njuolaid. ... Vis hele teksten
14De bissot nanusin, boahkánastet iežadet duohtavuođain ja gárvodehket vanhurskkisvuođa ruovdegárvvu 15ja gámahehket julggiid geargatvuođain sárdnidit ráfi evangeliuma. 16Dollet álo oskku galbba mainna nagodehpet čáskadit bahágasa buolli njuolaid. 17Váldet maiddái bestojumi oaivesuoji ja Vuoiŋŋa miehki, mii lea Ipmila sátni. 18Dahket dan rohkadallamiin ja átnumiin. Rohkadallet álelassii Vuoiŋŋas. Gohcet ja bissot nanusin go rohkadallabehtet buot bassi olbmuid ovddas. 19Rohkadallet maiddái mu ovddas, vai munnje addojuvvojit rievttes sánit gulahit roahkkadit evangeliuma čiegusvuođa 20man áirras mun lean, dál giddagasas. Rohkadallet ahte mun oččošin roahkkatvuođa sárdnut nugo galggan.