Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Habakkuk

1 2 3
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittel

Salme
3Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein sjiggajon.
          
   
 2 Herre, eg høyrde gjetord om deg,
          eg såg, Herre, det du har gjort.
          Ta det opp att i vår tid,
          gjer det kjent i vår tid!
          Hugs å visa miskunn
          sjølv om du er vreid!
          
   
 3 Gud kjem frå Teman,
          Den heilage frå Paran-fjellet.
          Hans herlegdom dekkjer himmelen,
          og lovsong til han fyller jorda.
          
   
 4 Lysglansen er som ein soloppgang,
          strålar går ut frå hans hand.
          Der er styrken hans løynd.
          
   
 5 Føre han går pest,
          i hans fotefar følgjer sott.
          
   
 6 Han stansar og rister jorda,
          han ser og får folkeslag til å skjelva.
          Gamle fjell blir knuste,
          eldgamle haugar sig i hop.
          Han går på gamle vegar.
          
   
 7 Eg ser Kusjans telt ramma av ulukke,
          og teltdukane i Midjan skjelv.
          
   
 8 Er du harm på elvane, Herre?
          Logar din vreide mot elvane?
          Er det havet du er harm på
          når du rid fram på hestane dine
          og vognene dine gjev siger?
          
   
 9 Du gjer bogen klar
          og legg pil etter pil på strengen.
          Du kløyver jorda så elvar renn.
          
   
10 Fjella ser deg og skjelv,
          styrtregnet fossar ned,
          djupet lyfter røysta
          og lyfter handa mot det høge.
          
   
11 Sol og måne står stille i sin bustad
          når lyset frå pilene fer hit og dit,
          lysglansen frå ditt lynande spyd.
          
   
12 I harme skrid du fram over jorda,
          i vreide trampar du folkeslag ned.
          
   
13 Du dreg ut for å frelsa ditt folk,
          for å frelsa han du har salva.
          Du knuser overhovudet
          for huset til den urettferdige,
          kler av frå topp til tå.
          
   
14 Med hans eigne piler gjennomborar du hovudet
          på krigarane hans.
          Dei stormar fram, vil driva meg bort,
          dei frydar seg som om dei skulle eta
          ein hjelpelaus som er i løynd.
          
   
15 Med hestane dine fer du over havet,
          dei veldige, brusande vatna.
          
   
16 Eg høyrde det, då skalv mitt indre,
          og leppene dirra ved lyden.
          Det kom verk i beina mine,
          føtene vakla under meg.
          Roleg ventar eg på
          at trengselsdagen skal koma
          over det folket som går til åtak på oss.
          
   
17 For fikentreet blømer ikkje,
          vinstokken ber ikkje frukt,
          olivenhausten slår feil,
          åkeren gjev ikkje mat,
          sauene er borte frå kvea,
          fjøset er tomt for fe.
          
   
18 Men eg vil fryda meg i Herren,
          jubla i Gud, min frelsar.
          
   
19 Gud Herren er min styrke.
          Han gjev meg føter som ei hind
          og lèt meg ferdast på høgdene.
        
Til korleiaren. Med strengespel.
< Forrige kapittel