Gå til forsiden

Haggai

2 

1 På den tjueførste dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord gjennom profeten Haggai: 2 Sei til Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og til Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og til dei som er att av folket:

3 Er det nokon att mellom dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva ser de no? Ser det ikkje ut som ingenting?


4 Men no, Serubabel: Ver sterk!

seier Herren.

Josva, son til Jehosadak,

du øvsteprest: Ver sterk!

Heile folket i landet: Ver sterke!

seier Herren.

Gå i gang med arbeidet.

For eg er med dykk,

seier Herren over hærskarane.

5 Denne lovnaden gav eg dykk

då de drog ut frå Egypt.

Min Ande er mellom dykk.

Ver ikkje redde!


6 For så seier Herren over hærskarane:

Endå ein gong, om ei lita stund,

rister eg himmel og jord,

havet og det tørre landet.

7 Eg rister alle folkeslag

så skattane deira kjem hit.

Eg fyller dette huset med herlegdom,

seier Herren over hærskarane.

8 Mitt er sølvet, mitt er gullet,

seier Herren over hærskarane.

9 Dette nye huset skal bli

herlegare enn det første,

seier Herren over hærskarane.

På denne staden skal eg gje fred,

seier Herren over hærskarane.

Ny velsigning frå Herren

10 På den tjuefjerde dagen i den niande månaden i det andre regjeringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai: 11 Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing: 12 «Om nokon ber heilagt kjøt i kappefliken og fliken kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller annan mat, blir då dette heilagt?» Prestane svara: «Nei.» 13 Så spurde Haggai: «Men om nokon har vorte urein gjennom å røra ved eit lik og han så kjem borti noko av dette, blir det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det blir ureint.»

14 Haggai tok til ords og sa: Slik er dette folket, slik er dette folkeslaget for mitt andlet, seier Herren. Slik er alt dei gjer med hendene, og det dei ber fram der: Det er ureint.

15 Men no, gjev akt på det som hender frå og med i dag! Før stein vart lagd på stein i Herrens tempel, 16 korleis gjekk det dykk då? Ein som kom til ein kornbinge på tjue mål, fann berre ti. Ein som kom for å ausa opp femti spann frå ei vinpresse, fann berre tjue. 17 Eg slo dykk med kornsot og svartrust og med hagl over alt de gjer med hendene. Men de kom ikkje til meg, seier Herren.

18 Gjev akt på det som hender frå og med i dag, frå den tjuefjerde dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd. Gjev akt på dette! 19 Ligg såkornet framleis i kornkummen? Står vinstokken og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis utan frukt?

Frå og med i dag vil eg velsigna.

Serubabel, Herrens tenar

20  Herrens ord kom for andre gong til Haggai på den tjuefjerde dagen i månaden: 21 Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda:


Eg rister himmel og jord.

22 Eg støyter ned kongsstolar

og gjer ende på mektige rike

mellom folkeslaga.

Eg velter stridsvogn og mannskap.

Hestar og ryttarar skal stupa,

den eine fell for sverdet til den andre.


23 Den dagen, seier Herren over hærskarane, tek eg deg, min tenar Serubabel, son til Sjealtiel – seier Herren – og gjer deg til ein signetring. For deg har eg valt ut, seier Herren over hærskarane.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.