Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Haggai

1 2

Neste kapittel >

Tempelet skal byggjast opp
1I det andre regjeringsåret til kong Dareios, på den første dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord gjennom profeten Haggai til statthaldaren i Juda, Serubabel, son til Sjealtiel, og til øvstepresten Josva, son til Jehosadak:  2 Så seier Herren over hærskarane: Dette folket seier: «Tida er ikkje komen, tida for å byggja Herrens hus.»  3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:
          
   
 4 Er det tid for dykk
          til å bu i bordkledde hus
          så lenge dette huset ligg i røys?
          
   
 5 Men no seier Herren over hærskarane:
          Gjev akt på vegane dykkar!
          
   
 6 De sår mykje, men haustar lite,
          de et, men blir ikkje mette,
          de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,
          de kler dykk, men blir ikkje varme.
          Og leigekaren får si løn
          i ein pung med hol i.
          
   
 7 Så seier Herren over hærskarane:
          Gjev akt på vegane dykkar!
          
   
 8 Far opp i fjellet og hent tømmer!
          Bygg huset, så vil eg ha glede i det
          og bli æra, seier Herren.
          
   
 9 De ventar mykje, men sjå, det blir lite.
          De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.
          Kvifor? seier Herren over hærskarane.
          Fordi mitt hus ligg i røys
          medan de har det travelt med dykkar eigne hus.
          
   
10 Difor held himmelen dogga tilbake,
          og jorda held grøda tilbake.
          
   
11 Eg har kalla fram tørke
          over land og fjell,
          over korn, ny vin og fin olje,
          over det som marka ber fram,
          over menneske og dyr
          og over alt det hendene har slite med.
        
12 Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på røysta til Herren sin Gud og på orda til profeten Haggai, for Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket frykta Herren. 13 Haggai, Herrens sendebod, bar fram Herrens bodskap til folket: «Eg er med dykk, seier Herren.»
   
14 Herren vekte ein tanke hos Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og hos Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og hos alle som var att av folket. Og dei kom og arbeidde på huset til sin Gud, Herren over hærskarane, 15 på den tjuefjerde dagen i den sjette månaden i det andre regjeringsåret til kong Dareios.
Neste kapittel >

09. juni 2023

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”