Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Brevet til hebrearane

2

Englars ord og Kristi ord

1 Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje driv bort frå det. 2 For når det ordet som vart tala gjennom englar, var gyldig, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff, 3 korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han. 4 Gud har sjølv gjeve sitt vitnemål, både med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den heilage andens gåver etter sin vilje.

5 For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om. 6 Dette er det ein som har vitna om ein stad:

Kva er eit menneske – at du hugsar på det,

ein menneskeson – at du tek deg av han?

7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane.

Så krona du han med herlegdom og ære.

8 Alt la du under hans føter.

Då Gud la alt under han, vart ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno ser vi ikkje at alt er lagt under han. 9 Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.

10 Gud ville føra mange born til herlegdom. For han og ved han er alle ting. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar. 11 Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den eine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken. 12 Han seier:

Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,

midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

13 Og like eins:

Eg vil setja mi lit til han.

Og vidare:

Sjå, eg og borna som Gud har gjeve meg.

14 Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv. 16 For det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt. 17 Difor måtte han bli lik syskena sine i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket. 18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.