Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Brevet til hebrearane

5 

1 Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. 2 Han kan vera mild mot dei som uvitande fer vill, fordi han òg er veik 3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. 4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.

5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud, som sa til han:

Du er Son min,

eg har fødd deg i dag.

6 Og som han seier ein annan stad:

Du skal til evig tid vera prest

av same slag som Melkisedek.

7 Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig. 8 Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida. 9 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han, 10 han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek.

Åtvaring mot fråfall

11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så likesæle med å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. 13 For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. 14 Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.