Gå til forsiden

Hosea

10

Israel skal bli til skamme

1 Israel var ein frodig vinstokk

som bar mykje frukt.

Jo meir frukt,

dess fleire altar.

Jo betre land,

dess betre steinstøtter.

2 Sleipt er hjartet deira,

no må dei ta på seg skulda.

Han skal bryta ned altara deira

og slå sund steinstøttene.

3 No må dei seia:

«Vi har ingen konge,

for vi har ikkje frykta Herren.

Og kongen, kva kan han gjera for oss?»

4 Dei har tala tomme ord,

svore falskt og gjort pakter.

Retten blømer

som giftplanter i plogfòrene.


5 Dei som bur i Samaria,

er redde kalven i Bet-Aven.

Folket hans sørgjer over han,

og avgudsprestane klagar,

for hans herlegdom er bortført.

6 Han skal òg førast til Assur

som gåve til storkongen.

Skam skal Efraim få,

Israel skal bli til skamme

på grunn av planane sine.


7 Samaria skal gå til grunne,

kongen skal bli som ein kvist på vatnet.

8 Avens offerhaugar skal utslettast,

Israels synd.

Torn og tistel skal veksa

opp over altara deira.

Dei skal seia til fjella: Løyn oss!

og til haugane: Fall over oss!


9 Frå Gibeas dagar har du synda, Israel.

Der har dei vorte ståande.

Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea?

Eg vil koma over ugjerningsmennene

10 for å tukta dei.

Folkeslag skal samla seg mot dei

når dei blir tukta for si doble skuld.

11 Efraim var ei tamd kvige

som gjerne ville treskja,

og eg sparte den vakre nakken hennar.

No vil eg spenna Efraim for,

Juda skal pløya og Jakob harva.


12 Så med rettferd,

haust med kjærleik,

bryt dykk nybrot!

For no er det tid for å søkja Herren,

inntil han kjem

og lèt rettferd regna over dykk.

13 De har pløgd ned urett

og hausta vondskap

og ete frukta av løgn.

For du stola på din eigen veg

og på alle krigarane dine.

14 Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt,

og alle borgene dine skal øydeleggjast,

slik Sjalman øydela Bet-Arbel

på stridens dag, då mor og born vart knuste.

15 Slik vil eg gjera med dykk i Betel

fordi vondskapen dykkar er stor.

Når dagen gryr,

er det ute med Israels konge.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.