Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Hosea

13

Når øydelegginga kjem

1 Når Efraim tala, tok redsla alle,

han var ein fyrste i Israel.

Men han førte skuld over seg ved Baal og døydde.

2 Og no held dei fram med å synda;

av sølvet sitt har dei støypt seg bilete,

gudebilete etter sitt eige hovud,

alt saman laga av handverkarar.

Folk seier om dei:

«Dei som ofrar menneske, kysser kalvar.»

3 Difor skal dei bli som morgondisen,

lik dogg som tidleg blir borte,

lik agner som blæs bort frå treskjeplassen,

lik røyk frå ljoren.


4 Eg er Herren din Gud,

heilt frå Egypt.

Nokon annan gud enn meg kjenner du ikkje,

det finst ingen annan frelsar enn eg.

5 Eg tok meg av deg i ørkenen,

i det tørre landet.

6 Dei beitte og vart mette.

Då dei var mette, vart dei hovmodige,

difor gløymde dei meg.

7 Eg har vorte mot dei som ei løve,

lik ein leopard lurer eg ved vegen.

8 Eg vil koma over dei som ei binne

dei har teke ungane frå,

og riva opp brystet på dei.

Eg vil eta dei opp som ei løve;

dei ville dyra skal slita dei sund.


9 Når øydelegginga kjem, Israel,

kven skal hjelpa deg då?

10 Kvar er då kongen din

som kan berga deg i alle byane dine,

og kvar er dommarane dine?

Du har jo sagt:

«Gjev meg konge og hovdingar!»

11 Eg gjev deg ein konge i min vreide,

og i min harme tek eg han bort.


12 Efraims skuld er samla opp,

synda hans er gøymd.

13 Når fødselsriene kjem,

er han eit barn utan forstand.

Når tida er der,

kjem han ikkje fram til livmormunnen.


14 Skal eg fria dei frå dødsrikets makt,

løysa dei ut frå døden?

Død, kvar er din pest?

Dødsrike, kvar er di sott?

Medkjensle er løynd for auga mine.

15 Ja, han skil brør frå kvarandre.

Det kjem ein austavind, eit Herrens vêr

som blæs opp frå ørkenen.

Då blir brønnen hans tom og kjelda tørr.

Han plyndrar skattkammeret

for alle dyre ting.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.