Gå til forsiden

Jesaja

12

Takkesalme

1 Den dagen skal du seia:

Eg takkar deg, Herre!

For du var harm på meg,

men harmen snudde,

og du trøysta meg.

2 Sjå, Gud er mi frelse,

eg er trygg og fryktar ikkje.

For Herren er min styrke og min song,

og han har vorte mi frelse.

3 Med glede skal de ausa vatn

or kjeldene til frelse.


4 Den dagen skal de seia:

Lovpris Herren, kall på hans namn!

Gjer gjerningane hans kjende mellom folka,

forkynn at hans namn er opphøgt!

5 Syng for Herren, for han har gjort storverk,

gjer dette kjent over heile jorda!

6 Rop høgt i jubel,

de som bur på Sion!

For Israels Heilage er stor,

han er midt iblant dykk.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.