Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

13

Babel og Herrens dag

1 Ein bodskap om Babel som Jesaja, son til Amos, fekk sjå:


2 Lyft banneret på snaue fjellet,

rop høgt til dei,

vink med handa

så dei kan dra inn gjennom storfolks portar.

3 Eg har sjølv kalla inn mine heilage krigarar

som skal tena min vreide,

eg har samla mine krigsmenn,

dei som jublar over mitt velde.

4 Høyr ståket på fjella

som frå eit stort folk!

Høyr larmen av kongerike,

folkeslag som samlar seg!

Herren over hærskarane mønstrar ein hær til strid.

5 Frå eit land langt borte,

der himmelen endar,

kjem Herren

og den reiskapen han bruker i sin harme

for å øydeleggja heile jorda.


6 Klag, for Herrens dag er nær.

Som vald frå Den veldige kjem han.

7 Difor blir alle hender slappe,

kvart menneskehjarte smeltar bort.

8 Dei blir slegne av skrekk,

dei blir gripne av krampe og smerte,

dei får rier lik ei kvinne som skal føda.

I redsle stirer dei på kvarandre,

andleta er som eld.


9 Sjå, Herrens dag kjem

med gru og harme og brennande vreide

for å leggja jorda aud

og utrydda syndarane der.

10 For stjernene på himmelen og stjernebileta

lèt ikkje lyset skina,

mørk er sola når ho står opp,

og månen gjev ikkje lys.

11 Eg krev jorda til rekneskap for vondskapen

og dei lovlause for deira synd.

Eg gjer ende på dei stolte og frekke

og slår ned hovmodige valdsmenn.

12 Eg gjer menneske

meir sjeldne enn reint gull

og folk meir sjeldne enn Ofir-gull.

13 Difor får eg himmelen til å skjelva,

og jorda blir rist ut av lage

fordi Herren over hærskarane er harm,

det er dagen for hans brennande vreide.

14 Lik jaga gasellar

og sauer som ingen sankar,

skal kvar og ein venda seg til sitt eige folk

og kvar og ein flykta til sitt eige land.

15 Alle som blir funne, skal stikkast ned,

og alle som blir gripne, skal falla for sverd.

16 Dei små borna skal knusast framfor auga på dei,

husa skal plyndrast og kvinnene bli valdtekne.


17 Sjå, mot dei hissar eg medarane,

dei bryr seg ikkje om sølv

og har ikkje lyst på gull.

18 Bogane deira feller unge gutar,

dei viser ikkje nåde mot frukta i mors liv,

auga har ikkje medynk med born.

19 Med Babel, det herlegaste kongeriket,

kaldearens stolte pryd,

skal det gå som då Gud

øydela Sodoma og Gomorra.

20 Aldri meir skal nokon slå seg ned der,

frå slekt til slekt skal ingen bu der.

Ingen ørkenbuar skal slå opp telt der

og ingen gjetar la dyra kvila der.

21 Men ørkendyr skal kvila der

og husa fyllast av ugler.

Der skal strutsar bu,

og der skal bukkar dansa.

22 Hyenar skal ula i borgene

og sjakalar i lystslotta.

Babels time nærmar seg,

hennar dagar blir ikkje mange.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.