Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

18

Kusj

1 Ve det landet der venger svirrar,

bortanfor elvane i Kusj,

2 landet som sender bodberarar over havet

i sivbåtar på vatnet.

Dra, de raske sendebod,

til det høgvaksne og glinsande folket,

eit folkeslag dei fryktar vidt ikring,

eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned,

i eit land gjennomskore av elvar.


3 Alle de som bur i verda,

de som held til på jorda,

sjå opp når dei lyfter banneret på fjell,

og lytt når dei blæs i horn!

4 For så seier Herren til meg:

Frå min bustad vil eg sjå på og halda meg i ro

lik heten som dirrar i lyset,

lik tåkedis i heten om hausten.

5 For før hausten,

når bløminga er slutt

og blomane blir til kart,

skjer han av skota med kniv,

fjernar vinranker, kastar dei frå seg.

6 Alt skal overlatast

til rovfugl i fjellet og villdyr på marka.

Rovfugl er over dei om sommaren,

alle villdyr om vinteren.


7 På den tid

skal dei koma med gåver til Herren over hærskarane

frå det høgvaksne og glinsande folket,

eit folkeslag dei fryktar vidt ikring,

eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned,

i eit land gjennomskore av elvar,

til staden der namnet åt Herren over hærskarane bur,

til Sion-fjellet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.