Gå til forsiden

Jesaja

20 

1 I det året ein hærførar som assyrarkongen Sargon hadde sendt ut, gjekk til åtak på Asjdod og la byen under seg, 2 på den tida tala Herren gjennom Jesaja, son til Amos. Han sa: «Gå og ta sekkestrien av hoftene dine og skorne av føtene!» Han gjorde det og gjekk naken og berrføtt.

3 Og Herren sa: Slik tenaren min Jesaja har gått naken og berrføtt i tre år til teikn og varsel mot Egypt og Kusj, 4 slik skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Kusj, både unge og gamle, nakne, berrføtte og med berr bak, til vanære for Egypt. 5 Folk skal bli slegne av skrekk og skam over Kusj, deira von, og over Egypt, deira pryd. 6 Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, slik har det gått med vår von, med dei vi flykta til for å få hjelp, for å bli berga frå assyrarkongen. Korleis skal vi då sleppa unna?»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.